Stortinget krev nasjonal legemiddeI-beredskap
Alle parti på Stortinget vil ha beredskapsavtalar om produksjon av kritiske legemiddel og vaksinar i Noreg.
NPK-NTB: Torsdag bad ein einstemmig helse- og omsorgskomité på Stortinget regjeringa om å gå i dialog med relevante produksjonsmiljø i Noreg for å sikre leveranse av viktige legemiddel i framtida.
Komiteen ber òg regjeringa om greie ut og om mogleg inngå førehandskjøpsavtalar med private aktørar som vil etablere vaksineproduksjon i Noreg.
– Er det ein ting denne pandemien har lært oss, så er det kor sårbare vi er for svikt i den globale legemiddelproduksjonen. Noreg er i dag 100 prosent avhengig av import av viktige legemiddel, seier helsepolitisk talsmann Morten Stordalen i Frp.
Frp-forslag
Det var Framstegspartiet som allereie i april i fjor lanserte eit forslag om eigen produksjon, men i det opphavleg utkastet hadde partiet sett klare tidsfristar for at slike avtalar skulle inngåast.
– Det er veldig gledeleg at vi no får fleirtal for forslaga våre om norsk produksjon av viktige legemiddel, sjølv om det ikkje vart fleirtal for det opphavlege forslaget vårt om å setje klare tidsfristar for å inngå slike avtalar. Vi treng ikkje fleire utgreiingar og rapportar om dette, vi treng handling, seier påtroppande Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Publisert: 06.05.2021 15:17
Sist oppdatert: 06.05.2021 19:14