Straalande foerste halvaar for Dyrkorn Fritid
GOD START: Jan Arild Svendsen er butikksjef ved den nye avdelinga i Molde, der Dyrkorn Fritid begynte å tene pengar alt etter tre månader.
Nytt

Strålande første halvår for Dyrkorn Fritid

Frå avdelingane i Ålesund, Fosnavåg og Molde ligg Dyrkorn Fritid an til å selje fritidsbåtar og motorar for godt over 80 millionar kroner i år. 

Administrator
18.06.2015
Starten på 2015 befestar Dyrkorn si stillinga som den klare marknadsleiaren på fritidsbåtar i nordvest.
For eit par år sidan kjøpte dagleg leiar Rune Westad og tre andre tilsette Dyrkorn Fritid as av Mørenot. Gjennom selskapet Norion Marine As er det i dag Westad, Sverre Nærø, Lars Kristian Tunheim og Thomas Tangen Flem som eig Dyrkorn Fritid med lik fordeling aksjane.
Så langt har det berre gått oppover.
- Større båtforhandlar enn oss finn du ikkje nord om Bergen, seier Westad.

Jamt stigande

Westad fortel at salskurva har vore jamt stigande frå 2009 og utover. Så langt i 2015 ligg salet godt framom den budsjetterte omsetninga på 78,5 millionar kroner.
- Salet vi har hatt i første halvår tilseier at vi landar på 84 millionar kroner dette året, seier Westad.

Godt mottekne i Molde

Avdelinga i Molde blei opna siste veka i februar, og denne knoppskytinga på nordsida av Romsdalsfjorden er med på å føre salstala til nye høgder.
- Mottakinga i Molde har vore veldig god, og alt etter tre månader begynte vi å tene pengar på den nye avdelinga, fortel Westad.
Westad understrekar at det å vekse ikkje har vore noko mål i seg sjølv for Dyrkorn Fritid. Etableringa i Molde var mest eit resultat av godt sal frå nordover i fylket, og ut ifrå eit ønskje om å kome nærare dei mange gode kundane i dette området blei Dyrkorn si tredje avdeling etablert.
- Vi sel båtar heilt nord til Kritiansund, og vi såg også at Molde trengde ein båtforhandlar av vårt kaliber, seier Westad.

Ser lovande ut

Westad er strålande fornøgd med måten båtåret 2015 har starta, og meiner det ser lovande ut framover også. Likevel tar han ikkje av, men er vaken for at dei usikre tidene også kan råke deira del av fritidsbåtmarkaden.
- Siste fjorten dagane har det vore litt stillare, men vi vel å tru at det har med vêret å gjere, seier han.

Reindyrka utanbords

I løpet av eit år går det ut mellom 150 og 200 båtar frå Dyrkorn sine avdelingar. Talet på selde motorar i løpet av eit år ligg på mellom 350 og 400.
Det er båtar med påhengsmotor Dyrkorn konsentrerer seg om, og det er denne typen servicefolka i Ålesund og Fosnavåg har spesialisert seg på.
- Det er utanbordsmotor vi kan, og difor satsar vi ikkje på anna, seier Westad.

Populære kombinasjonsbåtar

Kombinasjonsbåtar for tur og fiske, i ei prisklasse som gjer at folk flest kan nyte sjøen sine gleder utan å måtte gi avkall på andre goder i livet, utgjer 25-30 prosent av omsetninga til Dyrkorn Fritid. Ei anna populær båtklasse er Øien sine opne 18-20 fotingar.
- Dette er båtar vi ikkje greier å skaffe nok av, seier Westad om «krabbebåtane» som mange likar å kalle dei.
Populariteten til Øien-båtane kjem fyrst og fremst av at dei er så anvendelege.
- Landsstedsbåt, krabbebåt eller leppefiskbåt. Kall dei kva du vil, men utruleg populære er dei, seier Westad.
Større båtforhandlar enn oss finn du ikkje nord om Bergen

Publisert: 18.06.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44