Stranda-ordførar om skatteauke: - Uspiseleg
Lovar å gjere alt han kan for å få sitt eige parti til å snu i skatte- og næringspolitikken.
Saman med Knut Flakk i Flakk Gruppen stilte Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad på scena under NHO Møre og Romsdal sin årskonferanse i Ålesund torsdag. Temaet var skatt og næringspolitikk.
Flakk Gruppen la to hotellbyggingar i Stranda kommune på is etter at Ap/Sp-regjeringa la fram statsbudsjettet for 2023, med fleire skatteauker for næringslivet og bedrifteseigarar. Flakk har ingen planar om å ta planane opp av skuffa igjen.
- Sånn som forholda er no er det berre å legge det på is, sa Flakk.
Tek det opp på landsmøtet
Tryggestad markerte seg tidleg som ein motstandar både mot den samla skatteauken og korleis regjeringa har gått fram, spesielt når det gjeld framlegget om auka skatt på oppdrettsselskapa også kalla grunnrenteskatten.
Den kritikken gjentok han på NHO-møtet. «Uspiseleg» og ikkje forankra i partiet, meinte han.
- Eg kjem til å hamre laus på denne bodskapen i alle moglege arenaer, sa Tryggestad på møtet.
Den største arenaen han får tilgang til er landsmøtet i Senterpartiet i mars.
Å vinne fram vil vere svært viktig for utfallet av kommune- og fylkestingvalet i haust etter Tryggestad si vurdering.
Så langt har tilbakemeldinga på utspela hans frå sentralt hald i Senterpartiet, både vore utydlege og få, seier han til NETT NO.
Dei endringane hadde vi sloppe, hadde vi gjort ein betre jobb
Dårleg handverk
Dei siste dagane har det kome
signal frå regjeringa om at grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa både
kan bli lågare enn dei 40 prosent som opphavleg foreslått og at skatten
skal bereknast ut frå faktisk pris oppdrettarane får betalt - ikkje ein teoretisk og høgare pris.
Det er positivt, meiner Tryggestad, men samstundes eit unødvendig tilbaketog.
- Dei endringane hadde vi sloppe, hadde vi gjort ein betre jobb, seier han.
Publisert: 26.01.2023 15:18
Sist oppdatert: 26.01.2023 22:22