Langar ut mot eiga regjering
Senterpartiet sit att med svarteper etter forslaget om lakseskatten. Stranda-ordføraren fryktar eit elendig kommuneval.
- Det er klart det får ein effekt. Folk er ikkje dumme, seier Jan Ove
Tryggestad (Sp) om kva som blir konsekvensen av skatteauken for
Senterpartiet i kommune- og fylkestingsvalet i 2023.
Han er ordførar i Stranda og representerer også Senterpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal.
No meiner Tryggestad partiet hans er på ville vegar i skatte- og næringspolitikken. Det gjeld først og fremst framlegget om ein såkalla grunnrenteskatt på oppdrettselskapa, men óg auke av skatt på formue og utbytte - og auka skatt på kraftselskapa.
- Det er ikkje urimeleg at det blir innført grunnrenteskatt, men det er nivået, måten den blir innført på og det samla skattetrykket eg reagerer på, seier Tryggestad.
Regjeringa vil innføre ein såkalla på grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa frå 2023.
Grunnrenteskatt er ein skatt på gevinsten av å utnytte felles naturressursar, som både oljeselskap og kraftselskap har frå før. For oppdrettsnæring er det tilgangen til å bruke fjordane som blir definert som grunnrente.
Det er vi som sit med finansministeren og får sjansen til å steike i vårt eige feitt
Skattesatsen skal vere på 40 prosent og kjem i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent. Berre dei aller minste oppdrettselskapa får unntak.
Tryggestad seier han var budd på eit stramt budsjett, men at framlegget om grunnrenteskatt kom fullstendig overraskande.
- Dette kom over natta, utan brei forankring i Stortinget, og med tilbakeverkande kraft, seier han.
Einsidig negativ
Tilbakemeldingane Tryggestad har fått om den samla skatteauken peikar berre ein veg.
- Einsidig negativt, seier han.
Tryggestad viser til at Flakk Gruppen har lagt planar om hotellutbyggingar på og like ved Hellesylt på is. Skatteauken for oppdrett også er eit trugsmål mot lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat på Stranda.
- Dei som arbeider i desse bedriftene føle seg trua av det som blir innført av norske politikarar. Når SV sitt framlegg er enda meir skatteskjerpande er det enda meir dramatisk, seier han.
Svarteper for Senterpartiet
Tryggestad si vurdering er at Senterpartiet sentralt og regjeringa trudde skatteauken skulle vere lite kontroversiell.
Røynda er at skatteauken er ei taparsak og i strid med Senterpartiet sin profil som eit næringsparti spesielt opptatt av små og mellomstore bedrifter.
- For Senterpartiet betyr dette at vi sit att med svarteper og at det nesten berre er svarteperar i kortstokken. Det er vi som sit med finansministeren og får sjansen til å steike i vårt eige feitt, seier han.
Les også
Publisert: 11.11.2022 15:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 15:05