Straum kraft foto Alf Ove Hansen NTB NPK
PRISHOPP: Straumprisane har vore høge på byrjinga av året. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB / NPK
Nytt

Straumprisen rett til vêrs

Straumprisen i første kvartal i år var veldig høg, samanlikna med fjorårets ekstra låge prisar.

14.05.2021

Toppen vart nådd i dei kalde månadene januar og februar.

Den totale straumprisen for hushalda, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 120 øre per kilowattime i første kvartal i år, skriv SSB.

Rekordhøge nivå
Det er 37 prosent høgare enn i første kvartal i 2020, då straumprisane var lågare enn dei har pleidd å vere dei siste åra. Trekker ein frå avgifter og nettleige, var kraftprisen nesten dobbelt så høg i første kvartal i år.

Dei siste ti åra har straumprisen berre vore høgare i slutten av 2018 og i byrjinga av 2019.

Ekstra bustøtte
I februar løyvde Stortinget 260 millionar kroner ekstra til bustøtte for å hjelpe mottakarane med å betale dei høge straumrekningane under kuldebølgja. I januar og februar låg gjennomsnittstemperaturen i Noreg høvesvis 3,3 og 2 grader under normalen.

I tillegg har Statnett fått redusert delen sin av nettleiga med 24 prosent samanlikna med året før, for å hjelpe straumkundane under koronapandemien.

Publisert: 14.05.2021 09:16

Sist oppdatert: 14.05.2021 09:22

Mer om