Straum
PRISFALL: Straumprisen klokka 03.30 natt til torsdag. Skjermdump frå Statnett
Nytt

Straumprisen under ni øre i natt

Spotprisen på straum fall under ni øre natt til torsdag. Sør- og austlandet var unntaket.

20.01.2022

Tal frå Statnett viser at natt til torsdag var elspotprisen på det lavaste 8,92 øre kilowatt-timen på Nordvestlandet.

Like lav pris hadde Danmark, Sverige, Finland og Baltikum.

Unntaket for det store prisfallet er sør- og austlandet. Her var elspotprisen på det lavaste natt til torsdag på 115,85 øre kWh. Det er 12 gangar høgare enn resten av Norden.

I tillegg til denne prisen kjem nettleige og avgifter.

Torsdag morgon klokka 08 har elspotprisen på Nordvestlandet stige til 15,13 øre/kWh, og på sør- og austlandet til 131,81 øre/kWh.

Prisane har også gått kraftig opp i resten av Norden og Baltikum.

Vernar verna vassdrag
Fleire parti har opna opp for å byggje ut verna vassverk for å få ned kraftprisen.

Dette seier no partia SV, Raudt og MDG bastant nei til.

Ifølgje NRK legg dei tre partia fram eit felles forslag i Stortinget fredag om at verna vassdrag skal halde fram med å vere verna – og dermed at det ikkje blir opna for utbygging.

– Regjeringa har signalisert at dei kan vere interesserte i det og fått støtte frå delar av opposisjonen. Det må stansast ein gong for alle. Det kan berre gjerast gjennom eit vedtak i Stortinget, seier Rasmus Hansson (MDG).

– Noko av det største naturtapet har skjedd ved regulering av vassdrag. No har villaksen komme på raudliste, det same har villreinen og mange andre artar. Det er kjempeviktig å halde på vernet, seier Birgit Oline Kjerstad (SV).

Dei tre partia meiner at løysinga på høge straumprisar ikkje er å byggje ut fleire vassdrag, og Sofie Marhaug (Raudt) meiner uansett at ei utbygging vil ha avgrensa effekt på kraftproduksjonen.

– Det gir ikkje masse ny energi og vil ikkje dempe den straumpriskrisa som vi har no, seier Marhaug til NRK.

Publisert: 20.01.2022 07:44

Sist oppdatert: 20.01.2022 07:58

Mer om