Zakariasdammen 2019 nr2 foto Wikimedia Commons
BETRE MED KRAFTUTVEKSLING: Skulle vi ha vore heilt sjølvforsynte, også i tørrår, måtte vi ha investert 100-vis av milliardar i kunstige høgfjellsmagasin med pumpekraftverk, skriv Tafjord Kraft-sjef Erik Espeset. Biletet viser Zachariasdammen i Tafjord. Foto: Wikimedia Commons
Synspunkt

Dyr kraft eller mangel på kraft?

Vindkraft er den mest kostnadseffektive måten som vi kan skaffe oss tilstrekkeleg med fornybar energi raskt, skriv konsernsjef Erik Espeset i Tafjord Kraft.

19.01.2022

I den norske kraftdebatten blir kraftkablane til utlandet gjort til skyteskive for høge kraftprisar. Kraftkablar og linjer har vi hatt lenge til Sverige, Danmark og Nederland, mens kraftutveksling med Tyskland og Storbritannia er ganske nytt. Dette har tent oss godt ved at vi kan eksportere når vi har våte og vindfulle år slik som i 2020, og importere når åra er tørre og kalde som i 2010 og i 2019 når vi var omtrent i balanse, importerte til Midt-Noreg og eksporterte frå Sør-Noreg.

Normalt har vi kraftoverskot i Noreg frå vind og vatn. Hovudutfordringa er, sjølv om vi har magasinvasskraft, at vi ikkje kan lagre mykje av denne over fleire år. Skulle vi ha vore heilt sjølvforsynte, også i tørrår, måtte vi ha investert 100-vis av milliardar i kunstige høgfjellsmagasin med pumpekraftverk. Dette ville ha vore svært dårleg nasjonaløkonomi – kan samanliknast med at kvar norsk familie skulle ha kjøpt nabohuset og berre brukt det til å huse gjestane når vi har barnedåp og konfirmasjonar.

Tørrårssikring er ein viktig grunn til at vi har kraftutveksling med utlandet. Dette er mykje rimelegare for oss alle. Ja dei få åra når det er tørt heime så blir det dyrare å importere frå utlandet, men alternativet er å ha for lite straum. Det er god familieøkonomi å betale litt ekstra i konfirmasjonsår og heller legge gjestane inn på hotell enn å ha eige hus til dei.

På same måte som 2020 var eit ekstremt vått og mildt år med dei lågaste kraftprisane nokon av oss har opplevd, så var 2021 like ekstremt den andre vegen med dei høgste prisane nokon hadde opplevd - i alle fall i dei store byane Oslo, Bergen og Stavanger. Det er faktorar utanfor kontrollen vår som har gjort dette – klimaendringar, ver og storpolitikk. Det at vi opplever ein force majeure situasjon no, betyr ikkje at systemet har spelt fallitt. Systemet fungerer godt, men reguleringsmekanismen – kraftprisen – får eit voldsomt utslag. Difor går Staten inn med straumstøtte.

Hovudproblemet i Noreg er at den politiske retorikken er for mykje frikopla frå dei tekniske og økonomiske realitetane på bakken. Vi har politiske vedteke å erstatte all fossil energibruk med fornybar. Dette betyr at vi må bygge 30-50% (50-70 TWh) ny fornybar energi i Kongeriket dei neste 20 åra, men ingen vi ha denne fornybare energien i nærleiken av sitt lokalsamfunn.

Det enklaste er alltid å skyve problemet frå seg - «ute av syne ute av sinn». Dei fleste politikarar snakkar om havvind og nokre få snakkar om kjernekraft. Dette er jo installasjonar som ikkje er synlege for dei fleste av oss.

Eg skal ta for meg dei realistiske og urealistiske kjeldene til ny fornybar energi.

Havvind
Havvind kan bli ei viktig energikjelde på sikt, men er dyrare enn landbaserte alternativ. Korleis skal ein då få realisert det? Då må vi ha tilgang til marknader som betalar så mykje at prisen overstig kostnaden. Difor er interessentane i havvind så opptekne av å få hybridkablar slik at dei kan selje krafta til fleire land; Noreg, UK eller Tyskland. Dersom vi ikkje skal ha hybridkablar, men berre få havvindkablane til Noreg så vil denne krafta ofte måtte seljast til under kostpris – dvs. at den må subsidierast, og subsidiar veit vi at til slutt må betalast av den vanlege skattebetalar.

Men sjølv om vi det skulle bli politisk opning for hybridkablar, så er ikkje dette nokon quick fix for havvind. Berre det å finne eit sterkt kraftnettpunkt i UK å kople seg på vil ta fleire år først med utredning, konsesjonssøking og så landbasert nettforsterkning.

Kjernekraft
Kjernekraft kan vere fornuftig i land som ikkje har så rikeleg med naturressursar som vi har. All erfaring med kjernekraft tilseier at dette er dyrare kraft en sol, vatn og vind. Om nokon tvilar på dette, så kan dei snakke med finnane som har brukt 15 år lengre og 30 milliardar meir på å bygge Olkiluoto 3.

Norges og EU sitt mål om null-utslipp er i 2050, dvs knappe 30 år frå no. Olkiluoto 3 i Finland er bygd med konvensjonell fransk uranteknologi. Dette verket vart 15 år forseinka. Kor mange år trur vi då det vil ta å få på plass kjernekraftverk med nyutvikla meir miljøvennleg teknologi som enno ikkje er kommersialisert? Kanskje vi bør multiplisere 15 år med pi (π) som er mykje brukt i kompliserte prosjekt. Då er vi på nesten 50 år og så lenge kan ikkje klimaet vente.

Reint teknisk så kunne ein bygd eit kjernekraftverk i nærleiken av Glomma med rikeleg tilgang på kjølevatn som eit slikt verk må ha, og dette vil også vere i nærleiken av Oslo som har stort forbruk. Eg tvilar på at det er realistisk politikk med den konsentrasjonen vi har av politiske miljøparti i den delen av landet.

Opprusting av eksisterande vasskraft
Den alminnelege oppfatninga om at det er stort potensial i oppgradering av eksisterande vasskraft stemmer ikkje. Vasskraftteknologien var veldig optimalisert alt for 50 år sidan og det er dei same Pelton- og Francis-turbinane vi brukar i dag. Dersom vi skulle oppruste TAFJORD 4 som er den største kraftstasjonen vår bygd i 1968, så hadde vi kanskje henta ut 1-2% meir energi i frå vatnet. Det er ikkje rekningssvarande å investere nord for ein milliard kroner for å hente ut så lite ekstra energi.

Oppgradering av eksisterande vasskraft skjer når vasskraftverka går ut på si tekniske levetid, slik at det vi kome 3-5 TWh ny energi frå dette inn over dei neste 30 åra. Dette er berre eit lite bidrag til at vi skal bli fullt fornybare.

Verna vassdrag
Det finns noko potensial for meir vasskraft i verna vassdrag. Vi bør vurdere om det strenge verneregimet kan opnast for skånsomme utbyggingar der ein samtidig tek vare på verneverdiane. Klimaendringane og auka nedbørsmengder gjer at mange lokalsamfunn opplever ekstremflaumar med store skader. På mange av desse plassane kan vi unngå slike flaumar med vasskraftutbygging. Heldigvis for alle naturelskarar så er det meste av verna vassdrag varig verna uansett fordi det i 2022 ikkje løner seg å bygge ut. Vindkraft er meir konkurransedyktig.

Eg vil anslå det realistiske økonomiske potensialet i verna vassdrag til å vere 5 TWh.

ENØK
Vi kan alle vere einige om at den beste kWh-en er den du ikkje brukar. I Enron der eg arbeidde for mange år sidan kalla vi det «NegaWatt». Energisparing og etterisolering av bygg kan potensielt frigjere 10-15 TWh med energi.

Hovudutfordringa er at det ikkje løner seg å bruke store pengar på å etterisolere huset, og i alle fall ikkje utanfor dei store byane der ein ikkje får att pengane om ein skulle selje huset. Dersom vi skal få stor fart på dette så må det kraftig subsidierast av f.eks. ENOVA. Mange av oss har vel hatt større og mindre byggeprosjekt. Vi veit kor krevjande det er å få tak i handverkarar. Korleis skal vi kollektivt skaffe kapasitet til gjennomføre ei stor ombygging av ein stor del av bygningsmassen i landet vårt på nokre få år?

Vindkraft på land
Vindkraft er den mest kostnadseffektive måten som vi kan skaffe oss tilstrekkeleg med fornybar energi raskt.

For 10 år sidan hadde vi ikkje vindkraft i prisområdet vårt, NO3. Då var det underskot på kraft og vi hadde høgre prisar enn i Bergen. Den store utbygginga av vindkraft i vårt område dei seinare åra har snudd om på dette. Den gjennomsnittlege spotprisen i NO3 (Ålesund) for 2021 var på 42 øre pr. kWh. Her i NO3 utgjer no vindkraft heile 30% av den samla installerte kapasiteten. NO5-området utgjer i hovudsak Vestland fylke sør for Sognefjorden. Den gjennomsnittlege spotprisen for NO5-området for 2021 var på 76 øre pr. kWh. Dette er 80% høgre enn i NO3. I NO5 har dei ikkje eit einaste vindkraftverk. Kraftkundar i Møre og Romsdal kan prise seg lukkelege over at vi er nord for høgprisgrensa Sognefjorden.

Fallande prisar 2010-2020
Vi har hatt svakt fallande prisar på norsk kraft i perioden 2010 til 2020. Dette er i nominelle kroner dvs. at prisen på kraft ikkje har hatt noko prisstigning som vi kjenner for dei fleste andre varer. Dette skuldast meir utbygging av fornybar kraft (vind-/småkraft) i perioden, samt utflating i forbruket etter finanskrisa. Nokon hevdar at prisen har stige. Det stemmer ikkje, men totalrekninga har gått opp. Det skuldast at Staten har lagt på meir avgifter på straumen.

Publisert: 19.01.2022 13:09

Sist oppdatert: 19.01.2022 13:08