Strid om betaling for ekstraarbeid paa Ulstein Arena
STRID: Dagleg leiar Rune Urke i Ulstein kommunes sitt eigedomselskap, Ulstein Eigedomselskap, ved kommunens nye storstove, Ulstein Arena. I starten av 2017 stogga kommunen utbetalingane til prosjekteringsgruppa for bygget, etter strid om betalinga. Den striden er ikkje avgjort og endleg prislapp på bygget ikkje kjent. 
Nytt

Strid om betaling for ekstraarbeid på Ulstein Arena

Kommunens endringar undervegs i bygginga av Ulstein Arena fordyra planlegging og prosjektering. Det meiner arkitektane og dei rådgivande ingeniørane som prosjekterte bygget. Kommunen vil ikkje betale ekstrarekninga.

02.03.2018
Det kjem fram i stemninga prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena, med arkitektfirmaet Lund + Slaato i spissen, kom med mot Ulstein kommune før jul 2017. Ulstein Arena rommar badeland, fleirbrukshall og bibliotek og ligg i Ulsteinvik sentrum. Bygget vart opna i desember 2017.
Korkje saksøkjaren eller kommunen vil opplyse kor stort beløp dei strides om. Kommunen har offentlegjort stemninga, men sladda alle beløp.
Striden har også gjort at kommunen førebels ikke vil svare på kva som blir den endlege prislappen på Ulstein Arena. I 2015 var kommunen sitt anslag at bygget ville koste 268 millionar kroner.

Ekstra arkitekt

I følgje stemninga frå prosjekteringsgruppa (PG), som er ført i pennen av advokat Reidar Sverdrup hos advokatfirmaet Kluge, gjorde kommunen fleire endringar undervegs som fordyra prosjektet. Mellom anna leigde kommune inn ein ekstra arkitekt:
"Som følge av flere ulike forhold har PG endt opp med å utføre betydelig mer arbeid enn opprinnelig forutsatt, som ledet til at honorarkravet også oversteg det opprinnelige budsjettet. En betydelig del av dette skyldes rent endringsarbeid. Blant annet hentet byggherren våren/sommeren 2016 inn en egen nederlandsk arkitekt, Aat Vos, for å komme med ytterligere innspill til biblioteket, som da allerede var ferdigprosjektert fra PGs side", skriv Sverdrup.
Det førte til ei nær fullstendig omprosjektering av bibliotek og publikumsarel i første etasje, i følgje stemninga.

Mange endringar

Endringane knytt til bibliotek og publikumsareal var berre to av mange endringar i planane frå kommunen si side. Stemninga reknar opp endringar i fasadebetong, fasadekledning, idrettshall, svømmehall, og utomhusareal.
Dessutan måtte prosjekteringsgruppa omprosjektere fundamteringa fleier gongar etterkvart som det var avdekt dårlege grunnforhold, som også førte til forseinkingar.
Forseinkingar og feil i leveransar frå fleire av enterprenørane, ikkje minst frå leverandøren av glas til glasfasadane, påførte og prosjekteringsgruppa ekstra arbeid.

Stogga betaling

Medlemane i prosjektetingsgruppa meiner dei både har varsla og forklart bakgrunnen for kostnadsauken undervegs.
Usemja om rekninga mellom kommunen og selskapa i prosjekteringsgruppa gjorde at kommunen stogga alle utbetalingar i starten av 2017. I løpet av 2017 fekk og prosjekteringgruppa varsel om eit motkrav, der kommune vil ha att alt som er utbetalt ut over det opphavleg avtalte honorarer for prosjekteringa.
Kommunen kjem til å levere sitt tilsvar til stemninga i løpet av kort tid.

Publisert: 02.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18