Strid om eigardelane paa Johan Sverdrup
Statoil og partnarane Lundin Norway, Petoro, Maersk Oil og Det norske oljeselskap overleverte planen for utbygging og drift (PUD) for oljefeltet Johan Sverdrup til olje- og energiminister Tord Lien (Frp) på Fornebu fredag morgon. 
Nytt

Strid om eigardelane på Johan Sverdrup

Ein plan for utvikling og drift av Johan Sverdrup er no på plass. Men partnarane har ikkje klart å bli samde om fordelinga av eigardelane på gigantfeltet.

13.02.2015
(NPK-NTB-Johan Falnes): Planen for utvikling og drift, den såkalla PUD-en, vart fredag høgtideleg overrekt til olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
Heile oljeservicebransjen har sett si lit til at gigantutbygginga skal hjelpe næringa gjennom nedturen på grunn av fallet i oljeprisen.
Fem partnarar har gått saman om planen: Statoil, Lundin, Petoro, Det norske oljeselskap og Maersk Oil. Statoil er utpeikt som hovudansvarleg for feltet. Men avtalen om fordeling av eigardelar er ikkje på plass. Det norske oljeselskap nektar å signere.
– For Det norske har det heile tida vore eit avgjerande prinsipp at eigardelane i Johan Sverdrup skal fordelast basert på ein kombinasjon av volum og verdi, forklarar administrerande direktør Karl Johnny Hersvik.
– Når det ikkje var mogleg å komme til semje med partnarskapet om dette, kan vi heller ikkje signere ein avtale, seier han.

Førebels fordeling

Dei andre partnarane har bedt Olje- og energidepartementet om å fastsette den endelege fordelinga av førekomstane.
Fram til ei endeleg fordeling ligg føre, har departementet avgjort at forslaget frå Statoil til fordeling skal liggje til grunn: Statoil 40,0 prosent, Lundin 22,1 prosent, Petoro 17,8 prosent, Det norske oljeselskap 11,9 prosent og Maersk Oil 8,1 prosent.
Konsernsjef Eldar Sætre i Statoil seier han har tillit til at eigarfordelinga vil «falle på plass til beste for samfunnet og partnarskapet».
Olje- og energiministeren seier han kan leve med at avgjerda om eigarfordelinga no må takast av departementet. Men han er ikkje nøgd.
– Eg har vore veldig tydeleg på at dette meiner eg er ei avgjerd som burde vore teken der ute og ikkje hjå oss, seier han.

Overleverte PUD

Partnarane er derimot samde om PUD-en for første fase på feltet. Planen vart fredag overlevert til olje- og energiminister Tord Lien (Frp).
PUD-en har tre delar: ein overordna plan, ein plan for utvikling av kraft frå land og ein plan for bygging av røyrleidningar for eksport av gass.Olje- og energiministeren gav uttrykk for begeistring då dokumenta vart overrekt.
– For ein dag! For ein dag! sa Lien.
– Eg nøler ikkje eit sekund med å seie at dagen i dag er historisk, heldt olje- og energiministeren fram.
Ifølgje Lien er utbygginga av Johan Sverdrup det største industriprosjektet i moderne tid i Noreg.
– Dette prosjektet skal finansiere velferdsstaten, ikkje berre i år og neste år, men i mange tiår framover.

Økonomisk berebjelke

Sætre meiner Johan Sverdrup vil bli ein berebjelke i norsk økonomi. Feltet vil vere i drift i mange tiår, konstaterer han.
– Det vil overleve dei aller fleste av oss, eller iallfall nokre av oss, for ikkje å ta for hardt i. Og mange av dei som skal jobbe der, er enno ikkje fødde, sa han då PUD-en vart presentert.
Johan Sverdrup er det største oljefunnet som er gjort på norsk sokkel sidan 1980-talet. Hersvik i Det norske kallar feltet eit «eksepsjonelt» prosjekt.
– Med ein balansepris på mindre enn 40 dollar per fat vil det ha god lønsemd og sikre ein solid kontantstraum for Det norske i mange tiår framover, seier han.Då han vart spurt om balanseprisen fredag, ville Sætre ikkje konkretisere nærare kor langt under 40 dollar han ligg.
– Men det er meir enn ein desimal vi snakkar om, for å seie det slik, sa Statoil-sjefen.

Publisert: 13.02.2015 10:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41