Strid om Fjord1 informasjon kan enda med hoeyring
FJORD1: Høge bølgjer rundt ferjeselskapet Fjord1. Her bilferja Lote på strekninga Lote - Anda.,
Nytt

Strid om Fjord1-informasjon kan enda med høyring

Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune vurderer å halda høyring for å finna ut om informasjonen om fusjonsplanane til Fjord1 har gått rett føre seg.

15.07.2015
(NPK): Bakgrunnen er at det no har kome fram at fylkesordførar Åshild Kjelsnes og fylkesrådmann Tore Eriksen fekk kjennskap til fusjonsplanane eitt og eit halvt år før fylkesutvalet – som på si side diskuterte om fylkeskommunen skulle selja seg ut av Fjord 1 – blei orientert om saka, .
– Det er alvorleg om ikkje informasjonsflyten er skikkeleg når det handlar om store selskap og store verdiar. No vurderer vi halda høyring for å finna ut om informasjonsplikta vart halden, og få klarlagt kven som visste kva og når, seier leiaren i kontrollutvalet, Arve Mjømen (H), til avisa.

Visste ikkje om kvarandre

Han peikar på at fylkeskommunen har brukt 2,6 millionar kroner i konsulenttenester rundt eigarskapsprosessen, medan dei som diskuterte sal, og dei som diskuterte fusjon, ikkje visste om kvarandre.
Avisa peikar på at heller ikkje styreleiar Reidar Sandal og dagleg leiar i Fjord 1 fortalde fylkesutvalet om fusjonsplanane då dei på eit møte i desember i fjor kom med ein statusrapport om selskapet til fylkesutvalet.
No vurderer vi halda høyring for å finna ut om informasjonsplikta vart halden

Publisert: 15.07.2015 16:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45