Mange vil gjoere business med nye Farstad
GOD INNTENING: Sverre Andreas Farstad er største eigar i det tradisjonsrike Ålesund-selskapet Tyrholm & Farstad. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Farstad tener godt på frakt

Kan ta nytt millionutbytte, trass koronautfordringar.

Marius Rosbach
05.08.2021

Logistikk- og spedisjonsfirmaet Tyrholm & Farstad leverte nok eit godt resultat i 2020. Det viser årsrekneskapen som nyleg blei offentleg.

Konsernet som er eigd av Farstad-familien, har vor ei bransjen i meir enn hundre år, og har gitt gode inntekter dei siste åra.

Overskotet før skat etter fjoråret på 18 millionar, er det beste for konsernet sidan 2014. Omsetninga på meir enn 103 millionar, er samtidig berre hakket under rekordåret 2019 (sjå tabell under).

Det gode resultatet gjer at eigarane tek ut sju millionar i utbytte. Det same er gjort i åra 2017-2019, som gir eit samla utbyte dei siste fire åra på 28 millionar.

Tyrholm & Farstad (konsern)
Årsresultat (i mill kr)

2020
2019
Driftsinntekter
103,6
104,4
Driftsresultat
14,9
15,4
Res. før skatt
18
17,2

Pandemien gir minimal svikt
Konsernet består i tillegg til spedisjonsfirmaet, av selskapa Holger Fischer Spedisjon og Co og Grimmergata 5. Til saman var dei 52 tilsette i fjor, av dei 24 kvinner.

I årsrapporten blir koronautfordringane omtala som ein «ekstraordinær situasjon», men som likevel har gitt minimal svikt i inntektene.

Marknadsutsiktene for 2021 blir omtala som usikre som følgje av koronapandemien, men førebels har det ikkje vore behov for å permittere tilsette.

Flyfrakt kraftig redusert
Tyrholm & Farstad-leiinga viser til at den svake nedgangen i inntektene i fjor skuldast delvis tilbakegang i lagring og handling for fryse- og kjølelager, men ikkje minst at oppgåver i samband med flyfrakt har vore kraftig redusert.

Inntektene frå utleige og spedisjon har auka, og volumet på eksport og import av varer har vore god på dei fleste områder, ifølgje årsrapporten. Selskapet er samtidig godt rusta til å takle redusert aktivitet, påpeiker leiinga.

Nytt anlegg på Flatholmen
Tyrholm & Farstad jobbar også med å etablere eit nytt anlegg på Flatholmen, på nordsida av Ålesund.

I år har dei auka innsatsen i dette arbeidet, og jobbar med detaljplanlegging og forhandlingar med Ålesundregionens Havnevesen, ifølgje årsberetninga.

Konsernet er eigd av ulike Farstad-selskap. Sverre Andreas Farstad er største eigar med kring 35 prosent av aksjane, gjennom Ask AS. Farland Holding, med Jan Henry Farstad som største eigar, har lag like stor eigardel med 34 prosent.

Publisert: 05.08.2021 14:11

Sist oppdatert: 05.08.2021 14:24

Mer om