Nytt
Strikkesenteret opnar dørene
Den første arbeidsveka på strikkesenteret i Sykkylven er i gang.
07.09.2017
To avanserte maskiner for 3D-strikking frå den japanske samarbeidspartnaren Shima Seiki er på plass saman med utstyr for å designe og konstruere produkt som skal strikkast.
Ei rekkje bedrifter har meldt seg på for å sjå på anlegget og teste ut om og korleis dei kan ta i bruk den nye teknologien, seier Lars Einar Riksheim i Amatec, ein av initiativtakarane til prosjektet.
Poenget med 3D-strikking er mellom anna at ei slik maskin kan strikke ein genser i eitt stykke. Det er berre å ta den ut av maskina og ta den på. Det opnar for å flytte strikkeproduksjon heim til Noreg, og også produsere lønsamt i ein langt mindre skala enn i dag.
Maskinene kan strikke i ei rekkje material, til dømes metall der metallet er i form av tynne trådar.
-Teknologien gir så mange moglegheiter som ikkje har eksistert tidlegare, seier Riksheim.
Prosjektet blir styrt av Møbelkraft, møbelbransjens kompetansesenter. Blir prosjektet den suksessen initiativtakarane håpar på er målet å tilsette to operatørar som kan styre maskinen og hjelpe bedrifter som vil teste ut teknologien.
Ei rekkje bedrifter har meldt seg på for å sjå på anlegget og teste ut om og korleis dei kan ta i bruk den nye teknologien, seier Lars Einar Riksheim i Amatec, ein av initiativtakarane til prosjektet.
Poenget med 3D-strikking er mellom anna at ei slik maskin kan strikke ein genser i eitt stykke. Det er berre å ta den ut av maskina og ta den på. Det opnar for å flytte strikkeproduksjon heim til Noreg, og også produsere lønsamt i ein langt mindre skala enn i dag.
Kan strikke mange material
Men det viktigaste er at maskinen opnar for å ta i bruk strikking i nye bransjar og for utvikling av nye produkt. Ikea har alt lansert sin første stol som er strikka (og herda for å få ei fast form), sportsskoprodusentar har sko der overdelen er strikka i eitt stykke.Maskinene kan strikke i ei rekkje material, til dømes metall der metallet er i form av tynne trådar.
-Teknologien gir så mange moglegheiter som ikkje har eksistert tidlegare, seier Riksheim.
Møbelkraft-prosjekt
Strikkesenteret ligg i bygget som tidlegare husa Hjellegjerdefabrikken.Prosjektet blir styrt av Møbelkraft, møbelbransjens kompetansesenter. Blir prosjektet den suksessen initiativtakarane håpar på er målet å tilsette to operatørar som kan styre maskinen og hjelpe bedrifter som vil teste ut teknologien.
Teknologien gir så mange moglegheiter som ikkje har eksistert tidlegare
Publisert: 07.09.2017 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13