Jonas Gahr Store halvnaert hellesylt foto Marius
DRIVSTOFFKRISE: Statsminister Jonas Gahr Støre seier at regjeringa tek alle forholdsreglar dei kan når det gjeld beredskap og situasjonen i Hormuzsundet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Støre om norsk drivstoffberedskap: – Vi har full kontroll

NHO åtvarar om tilgangen på drivstoff.

17.04.2026

(NPK-NTB): Noreg kan stoppe opp i ei krise på grunn av manglande drivstoffberedskap, åtvarar NHO. – Vi har full kontroll, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Det er viktig å seie at vi har full kontroll på dette no. Det verdsbiletet som er, byrjar vi å merke no. Dersom Hormuzsundet held fram med å vere lukka, så er det alvorleg, så det jobbar vi for fullt med, seier han til NRK.

Iran-krigen har ført til drivstoffkrise. Rundt ein femdel av olja i verda og flytande gass passerer til vanleg gjennom Hormuzsundet, som i praksis har vore nærast stengd sidan USA og Israel gjekk til angrep på Iran.

Medan Sverige og Finland lagrar diesel og flybensin til 90 dagars forbruk, er kravet i Noreg berre 20 dagar.

– Veldig alvorleg
NHO-sjef Ole Erik Almlid åtvara tidlegare fredag om at norsk forsvarsevne, sivilsamfunnet og næringslivet blir hardt ramma dersom vi ikkje har tilgang på drivstoff.

– Det er veldig alvorleg for eit samfunn som treng dette drivstoffet i ein krisesituasjon, sa han.

Etter at Esso la ned raffineriet på Slagentangen i 2021, må over halvparten av dieselen og nesten alt flydrivstoff bli importert til Noreg.

Noreg er svært sårbar
Dersom det oppstår ei forsyningskrise, står Noreg i ein svært sårbar situasjon, ifølgje Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB.

– Greia er jo at når det verkeleg blir forsyningskrise, så fungerer ikkje desse marknadene skikkeleg lenger. Dei som då normalt eksporterer, sluttar å eksportere, seier han.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) varsla i mars at regjeringa skal ta grep. Forskrifta om beredskapslagring frå 2006 skal reviderast og sendast på høyring i løpet av året, skreiv ho i eit svar på skriftleg spørsmål frå Frp-leiar Sylvi Listhaug.

– Vi arbeider med tiltak som å auke kravet til drivstofflagring og ferdigstille ei prioriteringsordning for drivstofforsyning, skreiv Myrseth.

(©NPK)

Publisert: 17.04.2026 09:49

Sist oppdatert: 17.04.2026 09:49

Mer om