Magnar Romestrand starta opp Sunnmøre Caravan på Sjøholt i 2014. Allereie i 2015, som var første fulle driftsår, var omsetninga komen opp i 45 millionar kroner. Til trass for pressa marginar, fekk selskapet også eit resultat før skatt på 2,2 millionar kroner.
Veksten i inneverande år har fortsett, og ved utgongen av juli i år var omsetninga 55 millionar kroner. Romestrand reknar med ei omsetning på 75-80 millionar kroner i 2016, noko som vil vere nesten ei dobling frå i fjor.
- Det har vore ein heilt fantastisk vekst. Eg trudde ikkje dette då eg starta opp for to år sidan, og tydelegvis har vi gjort noko rett, seier Romestrand.
Sunnmøre Caravan er ein komplett caravanforhandlar og har agentur på Kabe, Adria og Rapido, Itineo og CampLet. Dei har også eigen verkstad som utfører alt av reparasjonar og vedlikehald på bobilar og campingvogner, i tillegg til butikk med tilhøyrande utstyr. I tillegg til stort uteareal, har dei 1.800 kvadratmeter under tak.
- Å starte opp eit selskap frå botnen av har vore tøft, artig og utfordrande. Vi har vore heldige. No er vi marknadsleiar i Møre og Romsdal og er den Adria-forhandlaren som omset mest i Norge både når det gjeld campingvogner og -bilar, seier Romestrand.
- Eg håper at det kjem ei utviding at arealet vi leiger, men om og når dette eventuelt vil skje, er det huseigaren som styrer. Men vi klarer oss med eksisterande areal med dagens omsetning, seier han.
Han har kundar frå heile fylket, men folk kjem også frå Vadsø i nord til Kristiansand i sør.
Tidlegare i år tilsette han to nye personar, og han planlegg også å gjere yttarleg ei tilsetting i løpet av året. Dermed vil dei vere ni tilsette.
Dei fleste nye bobilane som blir seld, ligg mellom 500.000 kroner og ein million - sjølv om det også går ein god del av dei litt dyrare modellane. For campingvogner varierar prisane normalt mellom 150.000 kroner og ein halv million.
- Men det eg sjekka viste seg å vere dyrt og lite plass. Det var tilfeldig at eg køyrde forbi her og også såg ei annonse same helg om at området var til leige. Då slo eg til og ringde allereie mandagen, seier han.
Les også:
Veksten i inneverande år har fortsett, og ved utgongen av juli i år var omsetninga 55 millionar kroner. Romestrand reknar med ei omsetning på 75-80 millionar kroner i 2016, noko som vil vere nesten ei dobling frå i fjor.
- Det har vore ein heilt fantastisk vekst. Eg trudde ikkje dette då eg starta opp for to år sidan, og tydelegvis har vi gjort noko rett, seier Romestrand.
Hoppa av frå Ålesund Caravan
Den tidlegare ingeniøren i Statens Vegvesen, Biltilsynet, har også tidligere erfaring frå caravanbransjen. I 2014 hoppa han av jobben han hadde hatt i Ålesund Caravan i ti år.Sunnmøre Caravan er ein komplett caravanforhandlar og har agentur på Kabe, Adria og Rapido, Itineo og CampLet. Dei har også eigen verkstad som utfører alt av reparasjonar og vedlikehald på bobilar og campingvogner, i tillegg til butikk med tilhøyrande utstyr. I tillegg til stort uteareal, har dei 1.800 kvadratmeter under tak.
- Å starte opp eit selskap frå botnen av har vore tøft, artig og utfordrande. Vi har vore heldige. No er vi marknadsleiar i Møre og Romsdal og er den Adria-forhandlaren som omset mest i Norge både når det gjeld campingvogner og -bilar, seier Romestrand.
Håper på utviding av arealet
Sjølv om det kostar å vekse, er det no mest plassbegrensing som kan hindre vidare vekst.- Eg håper at det kjem ei utviding at arealet vi leiger, men om og når dette eventuelt vil skje, er det huseigaren som styrer. Men vi klarer oss med eksisterande areal med dagens omsetning, seier han.
Han har kundar frå heile fylket, men folk kjem også frå Vadsø i nord til Kristiansand i sør.
Tidlegare i år tilsette han to nye personar, og han planlegg også å gjere yttarleg ei tilsetting i løpet av året. Dermed vil dei vere ni tilsette.
Vekst i marknaden
- Dette er ein bransje som er i sterk vekst. Eg trur at marknaden vil fortsette å vekse dei neste fem åra også - og iallefall så lenge norsk økonomi er god og renta er lav. Kundane bruker mykje pengar på ferie og fritid, og Norgesferie har blitt stadig meir populært.Dei fleste nye bobilane som blir seld, ligg mellom 500.000 kroner og ein million - sjølv om det også går ein god del av dei litt dyrare modellane. For campingvogner varierar prisane normalt mellom 150.000 kroner og ein halv million.
Tilfeldig at det vart på Sjøholt
Det var tilfeldig at det var på Sjøholt at Romestrand etablerte selskapet. Han såg seg opprinneleg etter lokale i Ålesund.- Men det eg sjekka viste seg å vere dyrt og lite plass. Det var tilfeldig at eg køyrde forbi her og også såg ei annonse same helg om at området var til leige. Då slo eg til og ringde allereie mandagen, seier han.
Les også:
Kundane bruker mykje pengar på ferie og fritid, og Norgesferie har blitt stadig meir populært
Publisert: 23.08.2016 12:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59