NPK-NTB: Sunnmørsalpane, Hornelen, Masfjordfjella og Øystesefjella blir foreslått som nye nasjonalparkar.
Dei seks landskapsvernområda Lyngsalpan, Sylan, Trollheimen, Ålfotbreen, Oksøy-Ryvingen og Flekkefjord og Listastrendene bør òg bli nasjonalparkar, meiner regjeringa. I tillegg er det planar om å utvide åtte eksisterande nasjonalparkar.
Så langt tyder dialogen med kommunane på at det er mogleg å få lokal aksept for å starte ein verneprosess, meiner miljø- og klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Men han vedgår at det kan komme konfliktar.
– Det vil alltid vere ulike syn på nye verneområde. Nokon kan bli usikre på kva det kan bety for deira interesser, vi skal derfor sørgje for å ha gode prosessar der alle skal få komme med innspel, seier Rotevatn i ei pressemelding.
Han påpeikar at tap av naturmangfald på grunn av utbygging og inngrep er eit stort problem på verdsbasis, men også i Noreg.
– Denne bit-for-bit-utbygginga tek stadig meir natur. Derfor ønskjer regjeringa no å setje i gang fleire verneprosessar der både dei lokale kommunane og Miljødirektoratet tilrår at ein legg ein nasjonalpark, seier Rotevatn.
Å ferdigstille ein verneplan for ein nasjonalpark tek som regel tre til fire år.
Publisert: 07.09.2021 11:40
Sist oppdatert: 07.09.2021 11:57






