Sunnmoersk storsatsing paa reiseliv
STORSATSING: Torstein Holsvik leier Cruise Services. Han satsar stort på reiseliv saman med Roger Halsebakk, Frode Kjølås og Kåre Molvær (innfelt). Her er Holsvik framfor katamaranen Gabriele, som frå tysdag av er klar til å frakte 200 cruisepassasjerar frå Ålesund og rundtom på Sunnmøre.
Nytt

Sunnmørsk storsatsing på reiseliv

Med solid Sunnmørs-kapital i ryggen, skal Cruise Service verte store på reiseliv. Nye båtar er på gang, det same med ny cruisehamn på Stranda.

16.07.2019
- Ja, planen er å verte ein stor reiselivsaktør, seier dagleg leiar Torstein Holsvik i Ålesund-baserte Cruise Service.
Sjølv satsar han ein del av gevinsten på salet av dykkerselskapet Frøy Service på reiseliv.
- Vi meiner det er rette tidspunkt til å satse litt skikkeleg.

Tunge aktørar

Holsvik bur i Hovdebygda, og han har bak seg andre aktørar som har kapital og vilje til å satse, slik som Sølvtrans-direktør Roger Halsebakk, tidlegare Optimar-medeigar og Stranda-investor Frode Kjølås og Molver Marine—direktør Kåre Molvær frå Langevåg.
Molvær er utdanna kokk og har mange års erfaring fra Hurtigruten som restaurant-, hotell- og personalsjef. Han har mange år bak seg i Sølvtrans som mannskapssjef, og dei to siste åra hadde han stillinga som operativ sjef.
No har investorane også engajsert Ina Eldøy for å samspele dei ulike initiativa.

- Eit nytt industrieventyr

Eldøy har mange års erfaring frå reiseliv i inn- og utland, ho har drive hotell, bygd destinasjonsselskap og leia merkevarebygginga til Avinor.
Eldøy er utdanna økonom med strategi som spesialfelt, og er no på veg tilbake frå Oslo til Sunnmøre for å samspele Cruise Service med dei andre initiativa til investorane.
- Det er spennande å få vere med på å byggje eit nytt industrieventyr saman med gründerar som har lukkast med dette før, seier Eldøy.

Populær fjordabåt

Selskapet starta i det små i fjor etter kjøpet av den 70 år gamle fjordabåten Bruvik.
Med denne båten har ein frakta cruiseturistar frå Ålesund til Geirangerfjorden og Hjørundfjorden.
I tillegg har ein arrangert turar for andre grupper, som bryllaupslag og bedriftsgrupper.
- Båten går 15 knop og fungerer svært godt. Tilbakemeldingane frå brukarane er gode. Faktisk er det allereie nesten fullteikna for haustsesongen, seier Holsvik.

Langtidsavtalar med cruiseselskapa

Tysdag er også båt nummer to i sving, det er den oppgraderte katamaranen Gabriele som i 30 knops fart skal frakte 200 cruiseturistar og andre reisande rundtom på nordvestlandet.
Selskapet har sikra seg femårsavtale om frakt av cruiseturistar som kjem til Ålesund.
- Dette er basisen for aktiviteten i sommarhalvåret, men vi har planar om å halde båtane i sving heile året, seier Holsvik.
- Kvalsafari i Nord-Norge er noko av det vi vurderer.

Planlegg nybygg

Både Bruvik og Gabriele har dieselmotorar, og aktørane bak selskapet er klare til å satse på meir miljøvenlege båtar, spesielt for å frakte turistar til verdsarvfjordane.
På teiknebrettet er fleire nybygg, mnem her er investorane avhengige av å få støtte frå nasjonale støtteordningar for å sikre det beste av ny teknologi.
- Ja, vi har ambisiøse planar, men ikkje noko er endeleg avklart, seier Holsvik.

Selskapet har etablert seg med kontor på Skansekaia, medan ein leiger kaiplass til båtane ved Fyllingen Slip i Langevåg.
Holsvik seier at over tid vil selskapet satsa andre stader enn på Nordvestlandet.
- Vi har stor tru på konseptet, og erfaringane hittil tyder på at vi har satsa rett.

30 millionar i år

Omsetninga første året stoppa på 1,8 millionar kroner.
- I år vil vi nok passere 30 millionar, seier Holsvik.
Han forsikrar at det ikkje er snakk om å byggje selskapet raskt opp for deretter å selje.
- Nei, dette har vi ein langsiktig horisont på.
- Aktørane bak er oppatt av å byggje opp reiselivstilbodet her i regionen.

Ny cruisekai på Stranda

Frode Kjølås er involvert i Stranda Skisenter og Stranda Hotel, medan Roger Halsebakk nyleg har kjøpt serverings- og overnattingsstaden Rosenlund på Sandsøya.
Dei to investorane har også nyleg inngått ein intensjonsavtale med Stranda kommune om bygging av ny cruisekai på Stranda.
Dei har også planar om å byggje ei distribusjonshamn som skal bidra til fleire gode og lett tilgjengelege opplevinga for reisande i regionen. Fleire andre norske aktørar med solid intrenasjonal suksess er med på denne satsinga.
- Strengare reglar for utslepp i verdsarvområdet Geiranger skaper rom for nye løysingar på land og til sjøs, seier Halsebakk.

- Ikkje berre Geirangerfjorden

Han ser mange synergiar frå dei ulike satsingane.
- Blant anna kjem vi til å gå turar frå Ålesund til Sandsøya under årets Arthurspel, og plukke opp passasjerar undervegs.

Halsebakk seier at reiselivstilbodet i regionen treng eit slikt tilbod.
- Her kjem stadig fleire turistar, men det er slett ikkje berre Geirangerfjorden som er interessant her i regionen.
- Her er mykje anna interessant å sjå. Det gjeld berre å leggje til rette for opplevingsturar.
Han har investert i Cruise Service gjennom sitt eige investeringsselskap Ronja Capital.
- Dette er noko vi har verkeleg stor tru på, seier han.
Det er spennande å få vere med på å byggje eit nytt industrieventyr saman med gründerar som har lukkast med dette før

Publisert: 16.07.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37