- Avgjerda om å overlate avisverksemda til ein annan aktør har gradvis modna. Eg nærmar meg pensjonsalder og har hatt ansvaret for drifta av Vestlandsnytt i over 40 år, seier eigar og dagleg leiar Fred Frantzen .
Vestlandsnytt hadde 12,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 2,6 millionar kroner i 2015.
I 2016 fall driftsinntektene for Vestlandsnytt til 10,8 millionar kroner, først og fremst på grunn av fall i annonsemarknaden, i følgje årsmeldinga til selskapet (sjå tabell).
Sunnmørsposten er eigd av Polaris Media Nordvestlandet, som er ein del av Polaris Media-konsernet.
Ei rekkje oppkjøp over fleire år har gjort Polaris Media til dominerande eigar av lokalaviser på Nordvestlandet, med Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke som dei største. Konsernet er og eine- eller dominerande eigar i Vikebladet Vestposten, Sunnmøringen, Driva, Åndalsnes Avis, Fjordingen, Fjordenes Tidende, Møre-Nytt, Herøynytt, Fjuken, Vigga, Fjordabladet, og Dølen.
- Prioriterte oppgåver framover blir å gi både lesarar og annonsørar eit godt tilbod, både på papir og i digitale kanalar. Sunnmørsposten og Polaris Media har eit sterkt digitalt utviklingsmiljø som kan bidra til dette, seier administrerande direktør Lidvar Flydal i Sunnmørsposten, til Sunnmørsposten.
Vestlandsnytt hadde 12,2 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 2,6 millionar kroner i 2015.
I 2016 fall driftsinntektene for Vestlandsnytt til 10,8 millionar kroner, først og fremst på grunn av fall i annonsemarknaden, i følgje årsmeldinga til selskapet (sjå tabell).
Åtte millionar
Sunnmørsposten kjøper Vestlandsnytt for ein sum som avisa ikkje offentlegjer, men då Sunnmørsposten baud på den om lag like store, men mindre lønsame lokalavisa Møre var bodet rundt åtte millionar kroner.Sunnmørsposten er eigd av Polaris Media Nordvestlandet, som er ein del av Polaris Media-konsernet.
Ei rekkje oppkjøp over fleire år har gjort Polaris Media til dominerande eigar av lokalaviser på Nordvestlandet, med Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke som dei største. Konsernet er og eine- eller dominerande eigar i Vikebladet Vestposten, Sunnmøringen, Driva, Åndalsnes Avis, Fjordingen, Fjordenes Tidende, Møre-Nytt, Herøynytt, Fjuken, Vigga, Fjordabladet, og Dølen.
Blir nettsatsing
Vestlandsnytt er ei reindyrka papiravis. Med nytt eigarskap blir det også satsing på nett.- Prioriterte oppgåver framover blir å gi både lesarar og annonsørar eit godt tilbod, både på papir og i digitale kanalar. Sunnmørsposten og Polaris Media har eit sterkt digitalt utviklingsmiljø som kan bidra til dette, seier administrerande direktør Lidvar Flydal i Sunnmørsposten, til Sunnmørsposten.
Publisert: 28.04.2017 09:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08