Superresultat for Stokke
Omsetning og overskot til nye høgder i fjor - og ventar ny vekst i år. Men talet på tilsette går ned.
Årsrekneskapen til Stokke-konsernet viser at barneutstyrsprodusenten hadde eit rekordår på fleire vis i fjor.
Omsetninga var rekordhøg og nærmar seg no to milliardar, etter ein vekst på meir enn 300 millionar i fjor. Også lønnsemda har skote i veret dei siste åra.
Eit driftsresultat på 353 millionar kroner, er også ny rekord - og gir ein driftsmargin på heile 18 prosent.
– Styret ventar framleis lønnsam vekst i 2021, heiter det i årsrapporten.
(saka held fram under)
Stokke (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 1 949 | 1 614 |
Driftsresultat | 353 | 172 |
Res. før skatt | 303 | 172 |
Stor auke i USA og Asia
Stokke sel framleis desidert mest av produkta sine i Europa, og knapt 1,2 milliardar av omsetninga kom her.
I fjor hadde selskapet også kraftig vekst i både Asia og USA. Salstala i desse marknadene enda på høvesvis 437 og 244 millionar kroner i fjor. I Norge var salet stabilt.
Stokke er eigd av sørkoreanske NXC. Hovudkontoret er i Ålesund, og konsernet har ulike støttefunksjonar i fleire land.
Færre tilsette
Samtidig som lønnsemda har auka, har det vorte færre tilsette i konsernet det siste året.
I fjor hadde Stokke eit snitt på 312 heiltidstilsette, som er nær 70 færre enn året før. Den største reduksjonen har skjedd i avdelingane i utlandet, men også i Norge er det forsvunne 24 årsverk det siste året.
I 2019 hadde konsernet 108 tilsette i Norge, medan dei no er nede i 84 årsverk.
Les også
Titals millionar på effektivisering
Stokke har brukt fleire titals millionar på effektivisering dei siste åra, etter at både sal og lønnsemd fekk seg ein knekk i 2018. Konsernet gjekk mellom anna vekk frå satsinga med eigne butikkar.
Resultata av desse grepa starta å vise seg allereie i 2019, og ga ny gevinst i fjor. Også i 2020 er det bokført meir enn 30 millionar kroner til restruktureringsprogrammet.
Styre viser i årsrapporten at lågare utgifter som følgje av effektiviseringsgrepa, er hovudårsaka til den auka lønsemda. Samtidig førte koronapandemien til mindre reising og utsette aktivitetar i fjor.
Publisert: 10.08.2021 14:25
Sist oppdatert: 10.08.2021 14:33