Simek i Stordal hadde på alle måtar eit rekordår i 2024, viser årsmeldinga som no er klar.
Omsetninga skaut i veret og vart betydeleg høgare enn nokon gong.
Driftsinntekter på drygt 15 millionar er om lag 50 prosent over omsetninga året før, på knappe ti millionar - som var rekorden til då.
Den tidlegare leverandøren til møbelindustrien kan også legge på bordet eit overskot etter fjoråret, som er langt høgare enn nokon gong.
Eit resultat før skatt på 3,2 millionar kroner, gir samtidig ein svært solid resultatmargin på kring 20 prosent (sjå tabell under).
Simek | ||
Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 15,3 | 9,9 |
Driftsresultat | 3,2 | 0,6 |
Resultat før skatt | 2,7 | 0,1 |
– Har veldig gode prognoser
For Nett No-leserane som hugsar tilbake til Nett No sitt besøk på slutten av fjoråret, er ikkje tala ei stor overrasking.
Den gong var ikkje rekneskapen klart, men hovudeigar Asle Olav Olsen kunne allereie då fortelje at omsetninga vart «all time high» for Stordal-bedrifta.
– Vi har veldig gode prognoser på alle baugar og kantar for 2025, kunne Olsen legge til.
Simek sprang ut av Helland Møbler på 1990-talet, og hadde opphavleg møbelindustrien som viktige kundar. Dei siste åra har dei dreia verksemda fekk frå bransjen.

Vekst på fleire frontar
Dei siste åra har det vore vekst på fleire frontar for firmaet som lagar delar i stål og metall som kan nyttast på ein rekke ulike måtar.
Både hjelpeorganisasjonar og forsvarsindustrien er kundar av lette konstruksjonar i aluminium som kan nyttast til alt frå flyktningleirar, feltsjukehus og kontrollpostar.
Dei leverer også fotballbaner og mål, og skal i år levere 3-ar-baner til store delar av regionen sine unge fotballspelarar.
Dei leverer også delar i stål og aluminium til køyretøya som Næringsteft-vinnaren Exotek lagar for funksjonshindra.
Tre lokale eigarar
Asle Olav Olsen er hovudeigar i selskapet med kring 57 prosent av aksjane. Jan Kåre Isvik eig 32 prosent og Jan Erik Vad eig 10 prosent via morselskapet Simek Holding.
Eigenkapitalen i selskapet var på 2,7 millionar ved utløpet av fjoråret. Langsiktig gjeld var då på 5 millionar, ifølgje årsmeldinga.
Simek hadde sju årsverk i arbeid i fjor.
Publisert: 11.03.2025 10:09
Sist oppdatert: 11.03.2025 12:33