Ålesund-selskapet 3DP Modelling hadde eit svært godt år med stor økning i omsetning og overskot i 2025.
Styreleiar og medeigar Jan Børge Vik fortel at årsaka til veksten er sal av nye løysingar dei har jobba med i samband med operasjonar av autonome og fjernstyrte undervassfarkostar.
– I samarbeid med partnarar på Sunnmøre, har vi utvikla spesialiserte løysingar til ein internasjonal marknad, seier Vik til Nett No.
Som med mykje anna bedrifta held på med, kan han ikkje gå i detalj om kven som er med og kva løysingane går ut på.
Stort hopp i omsetninga
Uansett ga det selskapet eit solid hopp i omsetninga, frå 1,6 millionar i 2024, til 12,6 millionar kroner i 2025.
Til samanlikning har årsomsetninga i snitt vore i underkant av to millionar dei ti siste åra før 2025.
Fjoråret sørga også for overskot i rekneskapen, etter nokre år med underskudd (sjå tabell).
| 3DP Modelling AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 12,5 | 1,6 |
| Driftsresultat | 2,6 | -0,06 |
| Resultat før skatt | 2 | -0,05 |
Jobbar med fleire ulike bransjar
3DP Modelling er opphavsplassen til fleire prototypar, og verksemda er ein form for fødselshjelparar for ny teknologi.
Selskapet har over 20 års erfaring med å utvikle nye produkt og prototypar – og var mellom dei første i landet til å ta i bruk 3D-printing.
– Vi jobbar både med utstyrsprodusentar og sluttbrukarar. Mykje av det vi har vore med på, er utstyr som blir brukt i sjøen, men vi har også jobba med alt frå medisinske selskap, bilindustri, fiskeforedling og prosessering av mat, seier Vik.
Dei har også vore med å utvikle eit konsept for ein ny generasjon farledsmerker og fyrlykter kalla Litus Lux. Dei har Kystverket teke i bruk langs kysten.

Har framleis trua på ny trålmetode
Jan Børge Vik var ein av gründerane som starta opp Stø Technology og utvikla eit nytt fangstsystem for trålarar. Etter at selskapet melde oppbod, kjøpte Vik konkursbuet i 2021.
Ideen om nytte ein autonom undervassfarkost for å hente opp fisken frå trålposen, vekte stor oppsikt. Metoden skal både gi betre kvalitet på fisken, og gjere fiske meir effektivt.

Stø Technology har patent på teknologien, og Vik trur på produktet.
– Utviklinga i metodikken for trålfiske har stort sett stått stille, påpeiker han.
Samtidig erkjenner han at lågare kvoter og høgare kostnader nok gjer sitt til at mange fiskebåtreiarar for augneblinken kvir seg for å gjere nye investeringar.
| Stø Technology AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1,2 | 0,08 |
| Driftsresultat | 0,9 | -0,2 |
| Resultat før skatt | 0,9 | -0,2 |
Publisert: 18.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 17.05.2026 23:34






