Viser fram forbilde for smartare produksjon
Legg fram resultat frå stort forskingsprosjekt. Fleire bedrifter i nordvest ligg langt framme.
Næringsministeren er blant dei som er venta til tysdagens konferanse Smart Produksjon 2024 i Ålesund.
Bakteppet for konferansen som blir arrangert av Norsk Forening for Elektro og Automatisering (NFEA), er at det grøne skiftet krev nye løysingar i industrien.
Deltakarene vil mellom anna få høyre frå Ulstein Group, Spilka Industrier og vekstselskapet Effee Induction. I tillegg skal næringsminister Jan Christian Vestre snakke om regjeringa sitt grøne industriløft.
Sjå programmet (ekstern lenke)
Åtte års forskingsprogram
På konferansen blir også delar av resultata frå eit stort Sintef-leia forskings- og utviklingsprosjekt lagt fram. Arbeidet har sett på moglegheitene for avansert industriproduksjon her til lands.
– Arbeidet er eit åtte år langt forskingsprogram der vi har samarbeida med 14 leiande bedrifter i norsk vareproduserande industri, fortel Håkon Raabe i Sintef Manufacturing til NETT NO.
Prosjektet kalla SFI Manufacturing blir finansiert av Norges Forskningsråd. SFI står for Senter for forskingsdrevet Innovasjon.
Fleire av bedriftene som har komne lengst på området, finst her på Nordvestlandet.
Møbelprodusenten Ekornes er mellom dei som har vore med i Sintef-prosjektet, saman med Brødrene Aa, Kongsberg Maritime og Plasto.
Også Hexagon Ragasco på Raufoss, eit dotterselskap til Hexagon Composites i Ålesund, er mellom deltakarbedriftene.
Milliardbeløp til innovasjon
SFI Manufacturing-prosjektet har eit budsjett på kring 200 millionar. Ein betydeleg del av midlane har gått til å finansiere utdanning, mellom anna av doktorgradskandidatar.
Desse har igjen utvikla ny kunnskap basert på arbeid i direkte tilknyting til utfordringar hos bedriftene som har delteke, fortel Raabe.
Les meir om prosjektet her (ekstern lenke)
Forskarane i Sintef og ved NTNU har også jobba med konkrete industrielle problemstillingar saman med bedriftene.
Dette har vore bedriftsstyrte innovasjonsprosjekt med eit budsjett på meir enn éin milliard kroner, der mykje av finansieringa kjem frå industrien sjølv.
«Spin off»-prosjekt i Rauma
Raabe fortel at det er utvikle fleire nye løysingar og utløyst ny verdiskaping hos deltakarbedriftene.
Han peiker på Rauma-bedrifta Wonderland som eit eksempel på eit slik «spin off»-prosjekt.
I løpet av dei siste åra har madrassprodusenten investert stort i meir automatisert produksjon. Samtidig har dei vist korleis dei kan halvere klimabelastinga frå madrassane ved å gjere andre materialval.
Berekraft og materialval meir viktig
Undervegs har Sintef-forskarane hatt årlege samtaler med kvar enkelt bedrift, om kva utfordringar dei opplever. Avslutningsvis er det nytta kunstig intelligens for å samanfatte og peike på utviklingstrekk.
Raabe fortel at det mest tydelege trekket i løpet av desse åra, er korleis merksemda i bedriftene kring berekraft og sirkulær økonomi «nærast har eksplodert».
– Mellom funna er at produksjonen både må vere meir effektiv og automatisert, og samtidig tole å ha meir variasjonar i komponentane og materiale som blir nytta, seier han.
Årsaka er at ei meir berekraftig ressursutnytting, gjer at bedrifter i større grad må basere seg på resirkulerte råvarer. Materialval er difor blitt langt meir sentralt.
– Meir merksemd om lokal produksjon
Eit anna utviklingstrekk Sintef-forskarane har funne, er det som er omtalt som «globalisering i revers»: At usikkerheit i verdsomspennande logistikk-kjeder gjer at fleire vil ha sikre seg tettare kontroll.
– Eg meiner det er eit positivt trekk, at vi har fått meir merksemd om lokal produksjon og kortare leverandørkjeder, seier Raabe.
Tradisjonelt har Norge hengt etter våre naboland i Skandinavia når det kjem til ferdigvareproduksjon. Å auke eksporten frå slike verksemder er mellom regjeringa sine uttalte mål med sin politikk – og eit av siktemåla for Sintef-prosjektet.
Publisert: 23.01.2024 07:02
Sist oppdatert: 23.01.2024 12:23