- Vel anvendte pengar, seier fiskebåtreiar Stig Ervik i Ervik Havfiske.
Den svenske surfeentusiasten Calle Magnusson kom til Stadlandet og Hoddevika i 2011 for å skrive bok om ekstremsport, og enda opp med å bli. Det er han som står bak det spesielle symjeundervisningopplegget, det elevane får prøve seg både som surfarar og symjarar.
Men opplegget må finansierast, og der kjem ei rekkje lokale bedrifter, med Ervik Havfiske som største bidragsytar inn i biletet.
Elevane kunne nyte sol frå skyfri oktober-himmel på den siste samlinga for sesongen. Flotte bølger rullar inn frå ein storm ved Grønland eit par dagar før og reiser seg skumkvite før dei bryt saman innover Hoddevik-stranda på Stadlandet.
Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik har bygd Ervik Havfiske opp til å bli eitt av Noregs største linebåtreiarlag.
- Vi vi få vårt beste halvår nokon gong, sa Stig Ervik til NETT NO tidlegare i haust.
Det er gode tider, og investeringsvilje.
Når alt er på plass og nybygga levert, vil flåten i Ervik Havfiske Holding-konsernet bestå av fire linebåtar som fiskar djupvassarten patagonsk tannfisk i Sørishavet, og sju linebåtar som fiskar i Noreg.
Skatteinntekter, busetjing, kompetanse og omdøme. Slik oppsummerer Selje-ordførar Stein-Robert Osdal i Selje betydninga av å ha Ervik Havfiske i kommunen. Dei tilsette og selskapet bidrar ikkje berre til å fylle kommunekassa, dei er også bidragsytarar i samfunnslivet utanom arbeidstida.
Under Ervik Holding-paraplyen finn vi både daglegvarebutikk (Vestkapp Handel), leverandør av agn, bunkers, verktøy og reservedeler til fiskeflåten (Nordic Marine), mekanisk verkstad (Westmek) og reknskapsbyrå (Vest økonomisenter og Rådgivning Nord).
- Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitje med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute, seier Stig Ervik.
- Vi ser ei veldig positiv utvikling i lønsemda i alle fartygrupper, seier sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.
I mange år var god lønsemd og nybygg noko som var reservert ringnotflåten, havgåande farty som fiskar sild og makrell.
No er det opptur for alle.
Gunstig valutakursutvikling (sjølv om pilane har peikar feil veg i år) og fallande bunkersprisar har gitt betre prisar og lågare kostnader.
Ingeniør-konsulentselskapet Cowi, som mellom anna har arbeidd med analyser av drivstoff-forbruket i fiskeflåten anslår at flåten brukar rundt 400 millionar liter drivstoff i året.
Prisfallet frå juni 2014 til februar 2015 utgjorde dermed rundt 500 millionar kroner spart i året for fiskeflåten.
Tidleg i år var bunkersen prisa heilt ned mot to kroner literen i fleire månader, medan den no er oppe på 3,70 kroner literen.
Dei lave prisane i starten av året gjer truleg at dei samla drivstoffkostnadene for fiskeflåten til å vere lågare i år enn i fjor.
2016 blir det fjerde året på rad med vekst i verdien på villfisk-eksporten, og samanlikna med 2013 er det snakk om ein auke på over 35 prosent.
Den verdiauken er delvis ein konsekvens av oljeprisfallet, fordi oljeprisfallet gjorde at krona svekka seg, til gunst for norske fiskarar og alle andre eksportbedrifter.
Den svenske surfeentusiasten Calle Magnusson kom til Stadlandet og Hoddevika i 2011 for å skrive bok om ekstremsport, og enda opp med å bli. Det er han som står bak det spesielle symjeundervisningopplegget, det elevane får prøve seg både som surfarar og symjarar.
Men opplegget må finansierast, og der kjem ei rekkje lokale bedrifter, med Ervik Havfiske som største bidragsytar inn i biletet.
Elevane kunne nyte sol frå skyfri oktober-himmel på den siste samlinga for sesongen. Flotte bølger rullar inn frå ein storm ved Grønland eit par dagar før og reiser seg skumkvite før dei bryt saman innover Hoddevik-stranda på Stadlandet.
Store ringverknadar
Det er gode tider i fiskeri, og få stader er det så lett å sjå ringverknadene som i det vesle Stad-samfunnet.Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik har bygd Ervik Havfiske opp til å bli eitt av Noregs største linebåtreiarlag.
- Vi vi få vårt beste halvår nokon gong, sa Stig Ervik til NETT NO tidlegare i haust.
Det er gode tider, og investeringsvilje.
Satsar 700 millionar
Tre farty er under bygging, og dei har kjøpt ut sin tidlegare kompanjong, Domstein-konsernet. Til saman er det snakk om ei investering på rundt 700 millionar kroner.Når alt er på plass og nybygga levert, vil flåten i Ervik Havfiske Holding-konsernet bestå av fire linebåtar som fiskar djupvassarten patagonsk tannfisk i Sørishavet, og sju linebåtar som fiskar i Noreg.
Skatteinntekter, busetjing, kompetanse og omdøme. Slik oppsummerer Selje-ordførar Stein-Robert Osdal i Selje betydninga av å ha Ervik Havfiske i kommunen. Dei tilsette og selskapet bidrar ikkje berre til å fylle kommunekassa, dei er også bidragsytarar i samfunnslivet utanom arbeidstida.
Samfunnsansvar
Med rundt 350 tilsette og rundt 30 i administrasjonen er selskapet i særklasse største private arbeidsgivar i Selje. Ikkje alle tilsette bur i kommunen, men meir enn nok til å bety mykje i ein kommune med under 3000 innbyggjarar.Under Ervik Holding-paraplyen finn vi både daglegvarebutikk (Vestkapp Handel), leverandør av agn, bunkers, verktøy og reservedeler til fiskeflåten (Nordic Marine), mekanisk verkstad (Westmek) og reknskapsbyrå (Vest økonomisenter og Rådgivning Nord).
- Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitje med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute, seier Stig Ervik.
Fiskarane tek største gevinsten
På Stadlandet er oppturen i fiskeri ekstra synleg, men den er over alt, sjølv om det er i flåteleddet gevinsten er størst.- Vi ser ei veldig positiv utvikling i lønsemda i alle fartygrupper, seier sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.
I mange år var god lønsemd og nybygg noko som var reservert ringnotflåten, havgåande farty som fiskar sild og makrell.
No er det opptur for alle.
Gunstig valutakursutvikling (sjølv om pilane har peikar feil veg i år) og fallande bunkersprisar har gitt betre prisar og lågare kostnader.
Sparer halv milliard
Før oljeprisfallet starta i 2014, låg bunkersprisen rundt 4,80 kroner literen (eks. avgifter). I februar 2015 var den på 3,70 kroner literen, i følgje drivstoffleverandøren Bunker Oil.Ingeniør-konsulentselskapet Cowi, som mellom anna har arbeidd med analyser av drivstoff-forbruket i fiskeflåten anslår at flåten brukar rundt 400 millionar liter drivstoff i året.
Prisfallet frå juni 2014 til februar 2015 utgjorde dermed rundt 500 millionar kroner spart i året for fiskeflåten.
Tidleg i år var bunkersen prisa heilt ned mot to kroner literen i fleire månader, medan den no er oppe på 3,70 kroner literen.
Dei lave prisane i starten av året gjer truleg at dei samla drivstoffkostnadene for fiskeflåten til å vere lågare i år enn i fjor.
Valutagevinst på oljeprisfallet
På inntektssida reflekterer verdien av sjømateksporten at fisken er blitt betre betalt. Det er først og fremst høgare prisar og ikkje større volum som ligg bak at verdien av villfisk-eksporten (ikkje oppdrett) har auka med ni prosent til 24,2 milliardar kroner ved utgangen av november.2016 blir det fjerde året på rad med vekst i verdien på villfisk-eksporten, og samanlikna med 2013 er det snakk om ein auke på over 35 prosent.
Den verdiauken er delvis ein konsekvens av oljeprisfallet, fordi oljeprisfallet gjorde at krona svekka seg, til gunst for norske fiskarar og alle andre eksportbedrifter.
Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitje med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute
Publisert: 01.01.2017 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04