Yvonne Wold ordførar Rauma foto Ogne
SATSAR PÅ ATTVAL: Yvonne Wold både ein av seks SV-ordførarar i landet - og den første kvinnelege ordføraren i Rauma.
Nytt

SV-ordførar kritisk til «ta dei rike»-retorikken

I 2019 flytta Yvonne Wold inn på ordførarkontoret i Rauma etter eit brakval for SV. No håpar ho å gjenta suksessen.

09.04.2023

- Vi gjekk til val på moderasjon og vedlikehald og at vi skulle rydde opp i kommuneøkonomien, seier Wold.

Då ho vart ordførar var Rauma på veg inn på Robek-lista, lista over kommunar med så dårleg økonomi at Statsforvaltaren skal godkjenne årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.

Planen er å kome ut av Robek i 2026 sa Wold til Åndalsnes Avis tidlegare i år.

Eit steg på vegen dit er mellom anna å redusere driftskostnadane.

- Vi har kutta 70 stillingar i kommunen, mykje av dei i helse og omsorg, seier Wold.

Stor omstillingsjobb i kommunen
Arbeidet med å redusere kostnadane er heller ikkje ferdig.

- Vi skal omstille vidare, seier ho.

Wold understrekar og bemanningsreduksjonen i kommunen har skjedd utan at nokon har blitt oppsagt, men likevel - dette er vel ikkje ein politikk som mange ventar frå SV-hald?

Det avviser Wold.

- Vi er veldig konsistente lokalt og vil driv ikkje med ting som er mot partiet sentralt, seier ho. (konsistent betyr i samsvar med, i denne samanhengen, red. merk), seier ho.

Ordføraren peikar på at det første som vart gjort etter valet i 2019, var å slutte å trekkje frå barnetrygda i støtta til sosialhjelpemottakarar.

Ho meiner og tilbakemeldingar fra innbyggjarar og tilsette er positive. Trass i kutt i 70 årsverk, har kommunen klatra fire gangar på kommunebarometeret, scora betre på medarbeiderundersøkelsar og openheitsbarometer, seier Wold

Ein av seks SV-ordførarar
Med 23,2 prosent av røystene vart SV større enn Høgre (20,8) prosent i lokalvalet i 2019, og det største partiet i Rauma. SV auka talet på røyster med 17,2 prosentpoeng medan Høgre - som hadde ordføraren i 2011-2019 - gjekk tilbake 9,3 prosentpoeng.

Med dette valresultatet vart Wold både ein av seks SV-ordførarar i landet - og den første kvinnelege ordføraren i Rauma.

Vi trengte ein snuoperasjon på økonomi. Då må du prioritere
Yvonne Wold

Fleirtalskoalisjonen bak henne er på 19 av 27 kommunestyrerepresentantar og omfattar Senterpartiet, Arbeidarpartiet, MDG og ein uavhengig representant, i i tillegg til SV.

Suksessen i 2019 er knytt til Wold og hennar partikollegaer i kommunestyret. I stortingsvalet 2021 fekk SV 7,8 prosent av røystene i Rauma.

Snuoperasjon etter stor investering
Frå ordførarkontoret på Åndalsnes kan Wold sjå på det nye helsehuset i kommunen, som sto ferdig i 2016.

Det er eit døme på store investeringar som er gjort i kommunen, og som medverka til at kostnadane vart for høge, etter Wold og SV si vurdering.

Helsehuset er mellom anna ein sjukeheim og vart bygd for å ha nok kapasitet i 2030 - når andelen eldre vil vere høgare enn i dag - men vart raskt fyllt opp.

Sjukeheimplassar er arbeidskrevande, og dermed dyrt. I dag får relativt fleire i Rauma heimebasert omsorg - og det er ledig rom i Helsehuset.

- Vi trengte ein snuoperasjon på økonomi. Då må du prioritere, seier Wold.

Kritisk til grunnrenteskatten
I fylkesutvalet i Møre og Romsdal røysta Wold i fjor saman med representantane frå Senterpartiet og Arbeidarpartiet, som var kritiske til framlegget om grunnrenteskatt på oppdrettsnæring og det samla skattenivået for næringslivet.

"Det må difor vurderast om 40% er for høgt, m.a. med bakgrunn i auken på formuesskatt og auka skatt på «arbeidande kapital». Samla skattegrep må ikkje utformast slik at det reduserer investeringar i næringa til nødvendige miljø- og biologi-prosjekt og fører til mindre verdiskaping langs kysten", heiter det i Ap, Sp og SV sitt framlegg til uttale.

Medan kommunen har hatt økonomisk motbør er det vekst i næringslivet og tilflytting som har prega Rauma-samfunnet dei siste åra.

Samfunnet har eit næringsliv som i stor grad samarbeider til felles nytte. Dei har tett samarbeid med kommunen mellom anna gjennom næringsutviklingsselskapet Nordveggen, der Rauma kommune og Rauma Næringslag er dei to største eigarane.

Kritisk til brå endringar i skattepolitikken
Så sant ho kan, deltek Wold på den månadlege Næringspuben, eit uformelt treff både for aktørane og andre som er interessert i næringslivet.

Omfordeling, men også føreseieleg er ord Rauma-ordføraren brukar om korleis politikken bør vere.

Ho vil ikkje fjerne formuesskatten, men skulle gjerne hatt ei oppskrift som skil mellom såkalt arbeidande kapital og anna formue. Ho er óg kritisk til brå endringar i skattepolitikken som dagens regjering kom med i fjor.

- Endringane kjem brått og ikkje alt er godt nok konsekvensutgreidd, seier ho.

Wold er også kritisk til språkbruken i debatten.

- Denne retorikken om at dei rike skal takast det er ein retorikk eg ikkje likar. Eg har mykje meier sans for retorikken om at vi må ha eit omfordelande skattesystem, seier ho.

Fekk militær utmerking
I kontorhylla sin har Wold ei medalje ho er stolt av , "Sjefens heder", ei militær utmerking frå Forsvaret til sivile som har gjort ein ekstra innsats for Forsvaret.

Den fekk ho for arbeidet mot å splitte opp Heimeverndistrikt 11, som omfattar Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden, med militærleiren Setnesmoen på Åndalsnes som hovudkvarter.

På landsmøtet til SV helga 17-19 mars var Wold ein av dei som røysta for at SV ikkje lenger skulle ha utmelding av NATO på partiprogrammet.

Etableringa av SV-forløparen Sosialistiske Folkeparti i 1961 bygde nettopp på motstand mot norsk NATO-medlemskap. No braut landsmøtefleirtalet med ein over 60 år gamal politikk for partiet.

Wold kom inn i partiet på 2000-talet og har ikkje den historiske arven frå starten med seg.

- Det har vore vanskeleg for meg å sjå alternativ til NATO, seier ho.

Trass i den tryggleikspolitiske snuoperasjonen i SV, meiner Wold partiet framleis vil vere eit alternativ i tryggleikspolitikken.

- Ein kan gjere ein forskjell innan NATO. Eg synest SV har hatt ei viktig stemme som motstandar av NATOs atomvåpenpolitikk og fleire av krigane alliansen har sett i gang i vår nære historie. Eg meiner vi aldri må godta ei utenrikspolitisk linje der alliansepolitikk trumfar alle andre omsyn, og det er viktig for meg at SV har vore sjølvransakande rundt Norges rolle i NATO.

Publisert: 09.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 08.04.2023 23:25

Mer om