Fleirtal mot grunnrenteskatt
Fylkesutvalet i Møre og Romsdal seier nei til lakseskatten - og storparten av mindretalet er heller ikkje særleg fornøgd.
Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre (sju stemmer i fylkesutvalet) - sikra måndag fleirtal i fylkesutvalet for ein uttale om at Møre og Romsdal fylkeskommune går i mot innføring av grunnrenteskatt slik den er foreslått frå regjeringa.
Fleirtalet krev også konsekvensutgreiing av det totale skattetrykket for oppdrettsnæringa, og ringverknadane hos leverandørar av varer og tenester til oppdrettselskapa.
Om Stortinget skulle vedta grunnrenteskatten, meiner fleirtalet i fylkesutvalet at den først må gjelde frå 2024 - ikkje frå 2023, slik regjeringa vil.
Miljøpartiet De Grønne (ei stemme) var det einaste partiet som støtta grunnrenteskatten slik regjeringa har foreslått den, då fylkesutvalet handsama saka måndag.
"Møre og Romsdal fylkeskommune er positive til innføring av grunnrente på næringer som nyter godt av bruk av fellesskapets ressurser, som havbruksnæringa. Saken ble grundig utredet av et regjeringsoppnevnt utvalg i 2019, hvor flertallet anbefalte grunnrente.", heiter det i MDG sitt framlegg til uttale.
Den endringa MDG vil ha, er at grunnrenteskatten skal vere gunstigare for selskap som driv med lukka anlegg i sjø - og med god dyrevelferd.
E18/S3 Permitteringer og tapte kontrakter - kva skjer no?
Feil innretning
Senterpartiet, Arbeidarpartiet og
SV (fem stemmer) forslo at fylkeskommunen i uttalen om grunnrenteskatt
skulle støtte prinsippet om innføring av grunnrenteskatt for
oppdrettsnæringa. Men dei skriv også i sitt framlegg at: "innretninga må
endrast og vurderast i lag med det totale skattetrykket for næringa og
konsekvensane for sekundærnæringane".
Mellom anna meiner dei tre partia at regjeringa sitt framlegg gjer at oppdrettselskapa må betale 10 milliardar i ekstra skatt, ikkje 3,8 milliardar, som er regjeringa sitt anslag.
"Det må difor vurderast om 40% er for høgt, m.a. med bakgrunn i auken på formuesskatt og auka skatt på «arbeidande kapital». Samla skattegrep må ikkje utformast slik at det reduserer investeringar i næringa til nødvendige miljø- og biologi-prosjekt og fører til mindre verdiskaping langs kysten", heiter det i Ap, Sp og SV sitt framlegg til uttale.
Publisert: 29.11.2022 08:46
Sist oppdatert: 29.11.2022 08:47