Jonas gahr støre besøk spilka foto marius 11
MOTBAKKE: Statsminister Jonas Gahr Støre sitt regjeringsprosjekt slit med dårlege målingar. No har Arbeiderpartiet lagt om kommunikasjonen med næringslivet. «Skape og dele», er det nye favorittslagordet til statsministeren. Foto: Marius Rosbach
Analyser

Slagord løyser lite

«Skape og dele» er statsministeren sitt nye favorittslagord i næringspolitikken. Han har litt å lære av vestlendingane.

Marius Rosbach
22.01.2023

Analyse:

Etter ein haust med harde debattar om lakseskatt og andre auka kostnader for bedrifter og eigarane deira, er tilliten mellom næringslivet og statsministerpartiet på eit botnnivå.

Difor er det kanskje ikkje så rart at regjeringa - iallfall Arbeiderpartiet – har bestemt seg for å legge om kursen for korleis dei snakkar om næringslivet.

Frp-leiar Sylvi Listhaug er absolutt inne på noko, når ho seier at næringslivet opplever å tape på alle frontar. Også Ulstein-ordførar Knut Erik Engh har eit poeng som truleg er meir tydeleg sett frå Vestlandet, enn frå regjeringskvartala: Den geografiske skillelinja. Meir om det snart.

Snuoperasjonen til Arbeiderpartiet sin kommunikasjon med næringslivet var overtydeleg ved årsskiftet då statsminister Jonas Gahr Støre mellom anna blei intervjua av Aftenposten og Dagens Næringsliv.

Her tok han avstand frå slagordet «Nå det er vanlige folks tur» – og trekte fram det som var hans nye favorittslagord «Skape og dele». Forsøket på springe frå det hyppig brukte slagordet, er mest som ei pinsam avsporing. Og det handlar mest om kommunikasjon, og ikkje så mykje om politikk.

Det er ikkje om mange har oppfatta at vanlege folk, ikkje inkluderer bedriftseigarar som skapar arbeidsplassar, eller til eksempel dei som tener over 750.000 kroner – som regjeringa krev inn ekstra høg arbeidsgivaravgift for.

Slik sett er «Skape og dele» meir eigna til å inkludere. Men sjølv om næringsminister Jan Christian Vestre i eit innlegg i Dagens Næringsliv er ærleg på at partiet har feila med bodskapen, ligg politikken fast.

Det er ingen teikn til at regjeringa vil gå tilbake på skatteaukane, eller til eksempel vente eitt år med å innføre grunnrenteskatt for oppdrettsbransjen.

Næringsministeren likar også «Skape og dele»-slagordet. Og - som han påpeiker i nyttårshelsinga til næringslivet; han veit at verdiane må skapast før dei kan delast.

Det er kanskje ikkje tilfeldig at Vestre påpeiker dette med rekkefølga på skapinga og delinga. Han er regjeringa si einaste vestlending, sjølv om han er busett på austlandet, og har bakgrunn frå ei vellukka
familiebedrift.

Mange i næringslivet meiner nok at fleire burde minnast på denne rekkefølga. For skattediskusjonen handlar om meir enn skattemoral, som SV-leiaren synest å meine, eller at dei rikaste flyttar fordi dei ikkje vil bidra «etter evne», som LO-leiaren skreiv i eit innlegg på NETT NO denne veka.

Diskusjonen handlar også om to ulike tenkesett, som NETT NO har omtala i ein tidlegare analyse.

Tilhengarane av mindre skatt på bedriftene meiner gjerne at heile «kaka» som skal delast, då blir større. Logikken er at bedriftene får behalde pengane til investeringar, som igjen skapar arbeidsplassar - og meir skatteinntekter.

Skattediskusjonen handlar også om bedriftseigarar som Marin Teknikk-sjef Svein-Rune Gjerde, som må tappe familieselskapet for millionar av kroner, i staden for å investere dei i firmaet for å trygge arbeidsplassane.

At konkurrentar eigd av staten eller frå utlandet, slepp å betale formuesskatt, bidreg naturleg til frustrasjonen. No fryktar Gjerde at skatterekninga, vil gjere at det ikkje er noko att å dele frå det bedrifta har tenkt til å skape framover.

Reknestykket til Gjerde verka å gjere inntrykk på Ap sin næringspolitiske talsmann Per Vidar Kjølmoen. Romsdalingen meinte før valet at det ville vere vilje i partiet til å «kikke på dette med arbeidande kapital».

Den viljen strekte seg ikkje heilt til statsministeren. Då Støre fekk lagt fram problemstillinga under eit besøk i Ålesund, var svaret at skatteaukane var «fullt ut forsvarleg».

- Dei aller fleste familieeigde bedrifter går godt og eigarane klarer å betale formuesskatten sin, svara Støre.

Men skattediskusjonen handlar også om at ikkje alle bedrifter går godt. Iallfall ikkje kvart år. Likevel må bedriftseigaren personleg betale formuesskatten - og gjerne utbyttesskatt på toppen - etter å ha teke utbytte, ein helst hadde sett blitt verande i bedrifta.

Viljen til å sjå slike samanhenger og snakke om konsekvensane, verkar å vere stor mangelvare i regjeringspartia. Iallfall hos dei med postadresse på Austlandet.

Situasjonen er óg i ferd med å splitte regjeringspartia. Her kjem vi tilbake til Ulstein-ordføraren. Han peiker på ei geografisk skillelinje han meiner går om lag ved det store vasskiljet i Sør-Norge.

- Kyst-Norge ser at her ber det fullstendig galt av stad, medan innlandet og Oslo-området har eit anna verdsbilde. Mine ordførarkollegaer her frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet, er mildt sagt frustrert over eiga regjeringa, sa Engh då han vitja Marin Teknikk saman med partileiar Listhaug.

Han vil ha meir merksemd om kva lokalt eigarskap betyr når det gjeld å skape gode lokalsamfunn. På Sunnmøre kjenner dei fleste til korleis bedrifter i lokalmiljøet bidreg med å bygge alt frå konsertsalar til idrettshallar. Dei er gjerne også med på å utvikle lokale utdanningstilbod, og svært mange idrettslag er heilt avhengige av sponsorstøtte for å drive.

Slike samanhengar er meir vanskeleg å få auge på i hovudstaden. Som oppvaksen i ein by på Austlandet, kan eg lett forstå det. Sjølv måtte underteikna bli godt vaksen og flytte til landsdelen, for å sjå kva rolle næringslivet spela i distrikta.

Men andre ord kan det nytte å få ting forklart. Det er motivet til Roger Hofseth når han sender film om lakseskatten til alle statsministeren, finansministeren og alle politikarane på Stortinget.

Sunnmøringen som driv både med oppdrett, foredling og biomarin industri, fryktar at politikarane er i ferd med å øydelegge ein historisk vekstmoglegheit, både for selskapet, bransjen - og nasjonen.
Hofseth fortel samtidig at dei fleste politikarane han snakkar med, forstår bodskapen om han får dei på tomannshand nokre minutt.

Difor er det viktig at fleire står fram og fortel, slik også Knut Flakk og Gunvor Ulstein har vore ope om konsekvensane i media og i møte med politikarar.

Det står att å sjå om bodskapen når inn. Men om det er håp sjølv for ein enkel journalist, er det også håp for statsministrar.

Podium

E19/S3 Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

Publisert: 22.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.01.2023 23:23

Mer om