Ekornes Litauen 4
FÆRRE VIL HA: Forbrukarane har blitt meir forsiktige og ordre. Ordreboka, verdien av bestilte møblar, krympa med 38 prosent i fjor for møbelkonsernet. Bildet er frå sysalen hos Ekornes-konsernet sin fabrikk i Litauen. Foto: Marius Rosebach.
Nytt

Svak start på 2024 for Ekornes

Etterspørselen fall i fjerde kvartal i fjor, og møbelkonsernet har hatt ein svak start på 2024.

26.02.2024

Marknadsutsiktene er usikre for dei komanande 6 - 12 månadane, skriv Ekornes QM Holding - morselskapet i møbelkonsernet - i rekneskapsrapporten for 4. kvartal. Kampanjar for å få fart på salet gav ikkje det løfte konsernet hadde håpa på i siste kvartal i fjor.

Samanlikna med 4. kvartal 2022 fall ordreinngangen for konsernet med sju prosent i same periode i 2023. For heile 2023 samanlikna med 2022 er fallet 8,4 prosent.

Les børsmelding her

Ordrereserven, verdien av bestilte møblar som enno ikkje er levert, krympa med 38 prosent i fjor samanlikna med 2022, til 468 millionar kroner ved utløpet av 2023.

Nye tiltak
Ekornes-konsernet starta 2024 med å varsle at omlag 70 tilsette i Noreg ville bli permittert for å redusere kostnadane. Selskapet har hovudkontor og fabrikkar i Sykkylven, og fabrikk på Grodås og Fet i Akershus, i tillegg til produksjon i Litauen og Asia.

I kvartalsrapporten som er offentleggjort måndag skriv selskapet at det er budd på ytterlegare tiltak for "sikre motstandskraft og langsiktig konkurransevne".

Overskot, trass salsnedgang
Ekornes enda med underskot i 2023 (sjå tabell), men både i 3. og 4. kvartal i fjor greidde selskapet å få eit overskot før skatt, om enn så vidt.

I fjerde kvartal medverka kampanjar for å kvitte seg med utgåande modellar til at lønsemda gjekk ned.

Framover ventar konsernet ei gradvis auke i lønsemda, etterkvart som varelageret blir mindre og prisauken selskapet har gjennomført får full effekt.

Stressless er det klart viktigaste varemerket og sto for 3,1 milliardar kroner av i alt 4,2 milliardar kroner i driftsinntekt i fjor. Dei to andre varemerka er IMG og madrassmerket Svane.

Fleire tilsette i utlandet
Ved utgangen av 2023 hadde Ekorneskonsernet 2784 tilsette, ned frå 2945 ved utgangen av 2022.

Det er talet på tilsette i Noreg det er blitt færre av, frå 1256 ved utgangen av 2022 til 1011 ved utgangen av 2023.

I utlandet er talet på tillsette auka frå 1689 til 1773 i same periode.

Ekornes QM Holding as
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt4219,04928,2
Driftsresultat104,9355,5
Resultat før skatt-143,8165,1
Ekornes QM Holding as
4. kvartal. I mill. kroner20232022
Driftsinntekt1124,01075,8
Driftsresultat60,1-25,8
Resultat før skatt7,1-140,1

Publisert: 26.02.2024 09:21

Sist oppdatert: 26.02.2024 10:50

Mer om