Ekornes
Ekornes-sjef Tine Hammernes Leopold (innfelt).
Nytt

Krympa inntekt, auka lønsemd

Plussresultat for Ekornes-konsernet etter tre kvartal på rad i minus.

30.10.2023

Tine Hammernes Leopold legger frem plussresultat i den første kvartalrapporten etter at overtok som toppsjef i Ekornes-konsernet.

Møbelprodusenten gjekk med underskot både i fjerde kvartal i fjor, og i dei to første kvartala i år, men i tredje kvartal vart det pluss.

Les børsmelding her

Konsernet har sagt opp tilsette og kutta lønskostnadane fra 290 millionar kroner i tredje kvartal 2022 til 248 millionar kroner i tredje kvartal i år. Saman med reduserte råvare- og fraktprisar medverka det til at samla driftskostnadar vart redusert frå 1071 til 861 millionar kroner i same periode.

Ekornes QM Holding as

3. kvartal. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt953,41132,1
Driftsresultat92,661,3
Resultat før skatt4,4-79,9

Ekornes QM Holding as

3. kvartal20232022

Driftsinntekt

3095,03852,4
Driftsresultat44,8381,2
Resultat før skatt-150,9305

Stressless-fall
Sal av Stressless-stolar og -sofaer står for 71 prosent av dei samla inntektene til Ekornes-konsernet i 3. kvartal i år og 75 prosent så langt i år.

Det er også den marknaden som har krympa mest, ned 21 prosent samanlikna med 3. kvartal 2022.

For det andre varemerket til konsernet, IMG-møblane, auka inntektene tre prosent. IMG-møblane er typisk billegare enn Stressless-møblane.

Svanemadrassene hadde ein inntektsnedgang på åtte prosent i same periode.

Framleis svak etterspørsel
Smittevernrestriksjonane under kornapandemine, spesielt reiserestriksjonan, gjorde at folk brukte meir pengar på mellom anna møblar. Det skapte ein boom for bransjen.

Boomen er over og høgare rente og auka i andre kostnadar har bremsa etterspørselen.

Ordreinngangen i starten av fjerde kvartal tyder på at etterspørselen framleis er svak, heiter det i kvartalsrapportene. Ekornes-konsernet trur etterspørelen vil ta seg opp på lang sikt, mener usikker på kor lengde dagens nedtur vil vare.

Publisert: 30.10.2023 14:29

Sist oppdatert: 30.10.2023 15:05

Mer om