I Hurdalserklæringa heiter det at regjeringa vil sikre lågare prisar og fleire avgangar på kortbanenettet. Målet er ei halvering av prisane på FOT-rutene.
FOT-ruter er flyruter der marknaden ikkje kan levere tilfredsstillande tilbod, og der Samferdselsdepartementet sørgjer for å kjøpe flytenester. Rutene er hovudsakleg i Nord-Noreg og på Vestlandet.
Den nye regjeringa lovar vidare å halde oppe eit godt, desentralisert nett med kortbaneflyplassar og sørgje for at desse blir brukte i arbeidet med elektrifisering av luftfarten, mellom anna gjennom eit program for teknologiutvikling.
Publisert: 13.10.2021 16:41
Sist oppdatert: 13.10.2021 16:44