- Maritim næring har grunn til å vere fornøgd
Per Vidar Kjølmoen meiner at Sp og Ap leverer i tråd med ønska til maritim næring.
- Den tiltakspakken vi i dag har lagt fram fangar i stor grad opp dei forslaga som den maritime næringa har kome med.
- Etter mitt syn har den maritime næringa grunn til å vere fornøgd i dag.
Det seier stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen frå Ap.
Han har sjølv arbeidd med dei maritime tiltaka i Hurdalsplattforma, og viser spesielt til at dei to partia er samde om å styrke nettolønsordninga.
- Dagens regjering foreslo å svekke ordninga, vi foreslår i staden å styrke ordninga.
Les også
Omstillingspakke
Kjølmoen viser også til at Ap og Sp er samde om ein grøn omstillingspakke for klimavenleg omstilling av skip.
- Dette er nettopp det næringa har etterlyst.
På plass er også ein strategi for å sikre at fleire offentlege byggjeoppdrag hamnar hos norske verft.
- Her må vi utnytte dei mulegheitene som ligg i EØS-avtalen, slik at ein større del av verdiskapinga av offentlege kontraktar kjem den norske maritime næringa til gode, seier Kjølmoen.
Meir til fagskulane
Dei to partia er også samde om at fylkeskommunane skal kompenserast for meirkostnader ved å velje lav- og nullutslippsteknologi ved anskaffelse av ferjer og hurtigbåtar.
Kjølmoen har tidlegare lova ei storstilt satsing på fagskulane om Ap kom til makta.
I Hurdalsplattforma står det mellom anna at det skal etablerast 1.000 nye fagskuleplassar innan fem år.
- Eg har ikkje fått studert detaljane i dette, men dette bør bety at det vert 200 fagskuleplassar i Møre og Romsdal, lærlinggaranti og 50 millionar ekstra til Møre og Romsdal i perioden.
- Vi treng langt fleire fagarbeidarar, seier Kjølmoen.
Publisert: 13.10.2021 15:07
Sist oppdatert: 15.10.2021 10:53