2011 05 29 15 59 49 Switzerland Kanton Zürich Grundbuck Gässli 1
INN FOR LANDING I SVEITS: Fleire nordmenn har meldt flytting til Sveits, også frå Nordvestlandet. Foto: Hansueli Krapf/Wikimedia Commons
Nytt

Sveits-utflytting skyt fart

I fjor flytta færre enn fire frå Nordvestlandet til Sveits. Så langt i år har 12 pakka kofferten.

29. september blei det registrert at Novela-gründer Ivar K. Nesset hadde flytta til Sveits.

Han følger ein større trend der nordmenn med store formuer flyttar til alpelandet i Midt-Europa.

NETT NO har fått tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) som stadfestar den aukande trenden.

I fjor flytta under fire frå Møre og Romsdal og Nordfjordkommunane Gloppen, Stad og Stryn til Sveits. Så langt i år har 12 i same område meldt flytting.

98 Z Cl utvandrarar til sveits 1

Skuldar på skatten
Fleire bankfolk har fortalt om kundar som vurderer flytting – eller allereie har meldt flytting til Sveits.

Dei peikar på auka formueskatt som årsak.

På kort sikt trur banksjef Bernt Skjong i DNB Ålesund at det ikkje har ein negativ effekt for næringslivet på Nordvestlandet, men på lengre sikt er det annleis.

– Viss det blir ein vedvarande trend vil vi etterkvart miste sentrale næringslivsbyggjarar i vår region. Det vi sjølvsagt fryktar, når dei bor midt i Europa, er at den kapitalen dei forvaltar skal finne andre finansieringsformål enn i Noreg, sa Skjong til NETT NO.

– Står fritt til å velje sjølv
– Det vil bli godt merka hos oss om godt bemidla personar flyttar. Det er uheldig at vi misser folk med gode formuer og gode inntekter, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal.

Om kommunen får inn mindre pengar gjennom skatt, blir konsekvensen at politikarane får mindre spelerom.

Hasseldal understrekar likevel at folk står fritt til å velje bustad, sjølv om han ønsker at flest mogleg blir i Ålesund.

Jon Steven Hasseldal ALD 00195
BUDSJETT: – Vi har behov for kvar einaste krone vi får inn, seier kommunedirektør Jon Steven Hasseldal. Foto: Ålesund kommune

Utflyttinga kan auke med nesten 25 prosent
I fjor var det 300 nordmenn som melde flytting til Sveits.

Dei tre første kvartala i år viser at det er 275 som har gjort det same.

Om veksten held fram i same tempo, betyr det at kring 368 nordmenn vil ha flytta til Sveits ved utgangen av 2023.

Det er ei auke på 22,67 prosent frå fjoråret.

Publisert: 27.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.11.2023 00:15

Mer om