Svaert viktig for Ulsteinvik
SATSING: Geir Sundal, leiar etttermarknad og plassjef Dag Skarbø meiner at investeringa på propellfabrikken viser at Rolls-Royce satsar i Ulsteinvik. Bak thrusterar som er inne til overhaling.
Nytt

- Svært viktig for Ulsteinvik

Nedturane har stått i kø. I dag var det endeleg jubel hos Rolls-Royce i Ulsteinvik.

05.11.2018
- Sist vi feira noko var det snakk om ein sekstiårsdag. I dag vart det kake på alle, og det var skikkeleg applaus etter allmøtet.
Dette seier Geir Sundal, leiar for ettermarknaden ved Rolls-Royce sin propellfabrikk i Ulsteinvik.
Rolls-Royce har beslutta å utvide servicekapasiteten i Ulsteinvik, og satsar 40 millionar kroner på å oppgradere anlegget.
- Mange har nok vore litt urolege for utviklinga. Signala denne investeringa gir, er viktige, seier plassjef Dag Skarbø.

Riggar og boreskip

Bakgrunnen for satsinga er behovet for å handtere stadig større thrusterar frå riggar og boreskip.
- Vi trengde rett og slett meir plass. Kapasiteten var sprengd. Vi er svært glade for at Rolls-Royce såg behovet og satsar her.
- Dette er svært viktig for Ulsteinvik, svært viktig for Sunnmøre, seier Sundal.

Totalrenovering

Med i planane er ei totalrenovering av den 32 meter høge høghallen, der tidlegare Ulstein Verft brukte til å byggje skip.
Eit område på sju tusen kvadratmeter skal opprustast for utandørs og innandørs lagring i telt.
Det skal også investerast i nye kraner til eksisterende servicehall, og tidlegare i sommar vart kontora utvida og oppgraderte for service i Ulsteinvik.

Ingen nytilsetjingar

Totalt er det 500 tilsette ved propellfabrikken i Ulsteinvik, der rundt 200 tilhøyrer servicesenteret. Desse driv service på skip over heile verda.
Nysatsinga fører ikkje til fleire tilsette.
Rolls-Royce har i dag liknande senter Rio de Janeiro, Galveston i Texas og Ulsteinvik, i tillegg til at det i november skal opnast eit senter i Las Palmas.

30.000 fartøy

Geir Sundal seier at ettermarknaden er eit svært viktig satsingsområde for Rolls-Royce, og der marknaden ikkje er så syklisk som for nybygg.
- Opp mot 30.000 fartøy verda rundt segler med utstyr frå Rolls-Royce. Service på fartøy er derfor ein viktig marknad som utviklar seg i takt med antall leveringar av utstyr til nye fartøy, seier Sundal.
Han opplyser at riggar og boreskip ikkje skal leggje til kai i Ulsteinvik. Med ei vekt på opptil 105 tonn på dei største thrusterane, er det heller ikkje mogleg å bruke landevegen.
- Utstyret skal sendast med båt herifrå.
Sist vi feira noko var det snakk om ein sekstiårsdag

Publisert: 05.11.2018 12:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:48