Kontrakten til nesten 20 millionar kroner er inngått mellom Alscott Asia og skipsventilasjonsprodusenten Nyborg i Sykkylven.
Ventilasjonanlegga skal ombord i eit produksjonsskip som blir bygd i Asia og som skal brukast av Equinor på eit oljefelt i Brasil.
Nyborg skal levere ventilasjonsanlegg både til bustad-og driftsdelen av produkssjonskipet.
I følgje ei pressemelding kan det bli ytterlegare oppdrag for Nyborg: "...selskapet har fått signal om en tredje ordre i samme prosjekt, noe som ytterligere vil styrke samarbeidet mellom Nyborg og Alscott", heiter det i pressemeldinga.
Etablert i 1947
Nyborg vart etablert i 1947. Konsernet hadde 207 tilsette i 2022, morselskapet i Sykkylven sysselsette 29 årsverk.
Største aksjonær i Nyborg er selskapet Båthaugen (60 prosent), som er eigd av Magne Oddvar, Ingvild og Ole Morten Klokk. Magne Oddvar Klokk er styreleiar i Nyborg.
Selskapet har fabrikk og hovudkontor i Sykkylven og er medeigar i eit designselskap og ein fabrikk i Polen. Eksporten går til 60 land, ifølgje pressemeldinga.
I årsmeldinga for 2022, som er datert 27. juni, skriv selskapet at "ordresituasjonen i begynnelsen av 2023 er god".
Selskapet ventar også stabile etterspørsel framover, men at det er uvisse om resultatet inntil prisar og leveransar normaliserer seg.
Frå 2015 til 2017 fall driftsinntektene til konsernet frå 174 til 103 millionar kroner. Deretter har inntektene auka igjen kvart år.
Nyborg as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 165,7 | 158,6 |
Driftsresultat | 6,5 | 2,6 |
Resultat før skatt | 4,9 | 4,4 |
Publisert: 31.08.2023 09:54
Sist oppdatert: 31.08.2023 23:36