Nytt
Søkjer nye simulatordrivarar
Panthavarane og bustyrar i simulatorsenteret i Fosnavåg ser etter kjøparar som kan drive senteret vidare.
22.01.2020
Etter fleire år med store underskot melde styret i Fosnavåg Ocean Academy oppbod tidleg i januar.
Går det som bustyrar Thore Heggen og panthavarane, med Sparebank 1 SMN og Innovasjon Norge som dei største, håpar blir det ny drift etter konkursen.
- Buet og panthavarane undersøkjer om det er mogleg å finne nokon som kan videreføre drifta i ei framtidsretta løysing, seier Heggen.
Planen var i starten at ein skulle drive kurs og trening for offshoreselskapa, men etter at offshorenedturen slo inn satsa senteret også på kurs for brønnbåtselskap og andre aktørar.
I starten var selskapet eigd av fire offshorereiarlag. Undervegs gjekk eitt ut og brønnbåtreiarlaget Sølvtrans kom inn, utan det gav det løftet selskapet måtte ha.
Senteret hadde høgast omsetninga i 2015, då driftsainntekten passerte 2,7 millionar kroner. I 2018 viser tala at driftsinntektene berre var på 0,9 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 2,8 millionar kroner.
Utover dagleg leiar hadde senteret ikkje tilsette, etter at to engasjement gjekk ut ved årsskiftet. Krava etter konkursen er på omlag 17 millionar kroner, i følgje opplysningane då selskapet melde oppbod.
Fosnavåg Ocean Academy eigde fløyen som husa simulatorsenteret, og utstyret i senteret.
Går det som bustyrar Thore Heggen og panthavarane, med Sparebank 1 SMN og Innovasjon Norge som dei største, håpar blir det ny drift etter konkursen.
- Buet og panthavarane undersøkjer om det er mogleg å finne nokon som kan videreføre drifta i ei framtidsretta løysing, seier Heggen.
Marknaden fall saman
Simulatorsenteret i Fosnavåg vart opna i 2011 og er samlokalisert med Thon-hotellet.Planen var i starten at ein skulle drive kurs og trening for offshoreselskapa, men etter at offshorenedturen slo inn satsa senteret også på kurs for brønnbåtselskap og andre aktørar.
I starten var selskapet eigd av fire offshorereiarlag. Undervegs gjekk eitt ut og brønnbåtreiarlaget Sølvtrans kom inn, utan det gav det løftet selskapet måtte ha.
Senteret hadde høgast omsetninga i 2015, då driftsainntekten passerte 2,7 millionar kroner. I 2018 viser tala at driftsinntektene berre var på 0,9 millionar kroner, og resultatet før skatt vart minus 2,8 millionar kroner.
Utover dagleg leiar hadde senteret ikkje tilsette, etter at to engasjement gjekk ut ved årsskiftet. Krava etter konkursen er på omlag 17 millionar kroner, i følgje opplysningane då selskapet melde oppbod.
Mest verdi
Heggen seier grunnen til at det blir satsa på å finne nokon som vil drive senteret vidare er at det er den løysinga som er venta å bevare verdiane i senteret best, samstundes som det også er den løysinga som er best ut frå samfunnsomsyn.Fosnavåg Ocean Academy eigde fløyen som husa simulatorsenteret, og utstyret i senteret.
Publisert: 22.01.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51