Håkon André Berg foto Marius
MEIR ATTRAKTIV: Administrerande direktør Håkon André Berg i Salmon Evolution vil auke likviditeten i aksjen og tiltrekke seg større investorgrupper. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Søkjer om plass på hovudlista

Salmon Evolution håpar på overflytting i løpet av få veker.

03.07.2021

Salmon Evolution har levert inn søknad om å blir overflytta frå marknadsplassen Euronext Growth (tidlegare Merkur Market) til hovudlista på Oslo Børs.

Ei notering på hovudlista stiller mellom anna strengare krav til rapportering og talet på aksjeeigarare enn ei notering på Merkur Market.

Poenget med å søkje overflytting er å tiltrekke seg ei større gruppe investorar, skape meir handel i aksjen og styrkje omdømmet til selskapet, ifølgje ei børsmelding.

Oppdrett på land
Salmon Evolution er i gang med bygginga av eit stort landbasert oppdrettsanlegg ved sjøkanten i eit tidlegare steinbrot i indre Harøy i Romsdal.

Fullt utbygd skal anlegget som er under bygging ved Bud i Romsdal produsere 31.500 tonn laks i året, og planen er å bli enda større, mellom anna ved å bygge fleire anlegg i Noreg og utlandet.

Investorar på Nordvestlandet
Investorar på Nordvestlandet har både vore inititiativtakarar til selskapet og er store aksjonærar. Største eigar er Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II (8,8 prosent).

Selskapet blei tatt opp til notering i september 2020. Opningskursen var 7,50 kroner per aksje.

I slutten av oktober var kursen falle ned til nesten fem kroner aksjen. I starten av januar i år hadde den stige til ein ny topp, 7,55 kroner aksje. I starten av mai var den falle ned til 5,63 kroner per aksje, før den steig på ny.

Ved børsslutt fredag 2. juli dag var kursen 6,79 kroner per aksje, som verdset selskapet til 2,1 milliardar kroner.

Publisert: 03.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 02.07.2021 18:29

Mer om