Held Debeljak personleg ansvarleg for Kleven-konkursen
Bustyret i Klevenkonkursen meiner det var Div Group-eigar Tomislav Debeljak sine handlingar som gjorde at selskapet gjekk konkurs.
"Etter boets oppfatning kunne konkursen vært unngått dersom styreleder og aksjonær hadde opptrådt adekvat og lojalt i forhold til inngåtte kontrakter mv.".
Det skriv bustyrar Bjørn Åge Hamre i sluttrapporten etter konkursen i Kleven Verft as. Styreleiaren og aksjonæren det er snakk om er Tomislav Debeljak.
200 miste jobben i konkursen.
Les også
351 millionar kroner tapt
I løpet av august reknar Hamre med at bustyret har avgjort at det skal takast rettslege steg mot Debeljak og/eller aksjeeigar DIV, seier han til NETT NO.
Det betyr at eit eventuelt søksmål og erstatningskrav kan bli retta både mot Debeljak og mot det kroatiske DIV Group-systemet, som eigde Kleven Verft.
Dei økonomiske tapet som eit eventuelt søksmål skal erstatte er på 351 millionar kroner.
Bankane sette ned foten
Det var bankane si oppseiing av låna sine 23. juni 2020 som var den direkte utløysande årsaka til konkursen.
Dei hadde tapt tilliten til Debekjak og Div Group, og det hadde dei grunn til ifølgje sluttrapporten frå bustyret:
"Debeljak innførte en tid etter overtagelsen rutiner som innebar at betalinger til underleverandører over en viss terskelverdi måtte godkjennes av ham personlig. Dette medførte at en rekke betalinger til underleverandører ble vesentlig forsinket eller helt uteble. Dette påvirket igjen fremdriften på verftets klart største prosjekt og ledet endelig til at bankene sa opp sine engasjementer med den konsekvens at verftet var insolvent", skriv bustyret.
Underleverandørar til Kleven Verft vart sett under press for å redusere krava sine. Det skjedde på måtar som mellom anna gjorde at Hareid Elektro trekte seg frå vidare arbeid på verftet og at administrerande direktør Kjetil Bollestad (som kom tilbake etter konkursen) sa opp si stilling.
Mottatt med jubel
Avskjeden med Debeljak i Ulsteinvik står i sterk kontrakt til korleis han og Div Group blei tatt i mot då han kom innsom ny eigar i eit kriseråka Kleven Verft i starten av 2020.
- Med den bakgrunnen Tomislav Debeljak har, så liknar han litt på enkelte sunnmørske bedriftseigarar. Eg trur at dette kan vere ein god eigar for Kleven, sa administrerande direktør Asle Strønen i bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft då det blei klart kven som blei den nye Kleven-eigaren.
– Vi trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem, saman med DIV Group og Brodosplit-verftet, sa Bollestad til NETT NO i januar i fjor.
Publisert: 02.07.2021 14:54
Sist oppdatert: 02.07.2021 15:43