Brunstad ovstegard boe foto Ogne
STILLER I RETTSSALEN: Olaug Strand Brunstad (t.v.) som er hovudeigar i Brunstad blir med på søksmålet til Lars Oscar Øvstegård (midten) mot staten. Det gjer også eigarane til Spilka-sjef Terje Bøe (t.h.). Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Søksmålet om formuesskatten: – Det er sjølve drøymelaget

Lars Oscar Øvstegård får med seg Brunstad- og Spilka-eigarane i rettssalen mot staten.

Marius Rosbach
16.05.2025

Fredag vart ein milepåle i arbeidet med søksmålet mot staten om formuesskatten. Lars Oscar Øvstegård vil som kjent saksøke staten for å få fjerna formuesskatt på arbeidande kapital. 

Fredag vart sjølve stemninga på kring 20 sider sendt til Møre og Romsdal tingrett. No håpar han å kunne møte i til rettssak i Ålesund i løpet av få månader. 

– Det er historisk og er aldri gjort tidlegare, seier Øvstegård til Nett No. 

Brunstad- og Spilka-eigarar i retten
Søksmålet er organisert som eit gruppesøksmål, og i rettssalen stiller også Brunstad-eigar, Olaug Strand Brunstad og Spilka-eigarane Bjørn Stafset og Laila Kristin Stafset. 

– Det er sjølve drøymelaget og eg er svært takksam for at dei stiller opp, seier Øvstegård.

Nett No har tidlegare omtala korleis rekninga til formuesskatten råkar eigarane av møbelfabrikken i Sykkylven og industrikonsernet i Ålesund

– Politikarane er nøyd til å snakke sant
Til rettssaka vil han samtidig ha eit heilt juridisk team bak seg frå Simonsen Vogt Wiik. 

Øvstegård legg ikkje skjul på at det har kosta både personleg og i form av pengar, men no ser han fram til å få domstolen si vurdering av om dagens formuesskatt er lovleg, eller ikkje. 

– No blir det løfta inn i rettssalen der politikarane er nøyd til å snakke sant, seier Øvstegård.

Søkmålvarslet blei sendt til departementet i mars – og finansdepartementet vil at domstolen avviser saka. Det har ørstingen liten tru på vil skje.

Toppadvokat fører saka
Advokat Jan Magne Langseth skal vere prosessfullmektig for søksmålet i retten. 

Han har tidlegare vunne mot EU i kampen mot anti-dumpingtiltak mot norsk lakseimport tidleg på 2000-talet.

Advokaten meiner likevel at søksmålet om formuesskatten er viktigare for både norsk næringsliv og samfunnet. 

«Som forretningsadvokat har jeg bistått i alt for mange prosesser, hvor hele eller deler av vellykket norsk virksomhet, selges ut alt for tidlig på grunn av manglende tilgang til kapital, og rett og slett på grunn av en helt misforstått holdning til hva entreprenørskap og norsk eierskap betyr for det norske samfunnet på politisk hold», skriv Langseth i ein e-post til Nett No. 

Publisert: 16.05.2025 14:21

Sist oppdatert: 16.05.2025 14:57

Mer om