Ronja Queen 425
DÅP: Ronja Queen skal døypast i Ålesund laurdag. Foto: Aas Mek Verksted
Nytt

Sølvtrans-nybygg nummer 35 frå Vestnes

Ronja Queen skal døypast i Ålesund laurdag med Anja Halsebakk som gudmor.

02.12.2022

Ronja Queen er Sølvtrans-brønnbåt nummer 35 frå Aas Mek Verksted over ein periode på 25 år.

Og det er tredje i ein serie av sju nybygg med ein lasteromskapasitet på over 3.000 kubikkmeter som Vestnes-verftet skal levere til Ålesund-selskapet.

Nybygget er 76,69 meter langt, 17,80 meter breidt og har ei servicefart på 13 knop, opplyser Aas Mek Verksted i ei pressemelding.

Lav djupgåande
Ronja Queen er av Aas-designet AAS 3002 ST og har eit brønnvolum på 3000 kubikkmeter fordelt på to fisketankar. Dermed kan ein frakte rundt 450 tonn levande fisk.

I pressemeldinga vert det opplyst at dette er eit design med lav djupgåande i forhold til lastekapasiteten, spesielt tilpassa for transport av smolt med anløp av smoltanlegg i område som kan vere vanskeleg tilgjengelig med for stor djupgåande.

Innreidd for 12 personar
Fartøyet er blant anna arrangert med system for null utslepp under lukka transport med overvaking, reinsing og behandling av all vass-sirkulasjon, filtersystem for oppsamling av lus, UV behandling av vatn inn og ut av lasterom, auto vaske- og desinfisering, regulering og logging av vassparameter og system for ferskvassbehandling av fisken.

Båten er innreidd med lugarar for 12 personar. Om bord er det også messe og bysse, kaffebar ved arbeidsdekk, TV-stue og trimrom.

Ei rekke lokale selskap har levert utstyr.

Publisert: 02.12.2022 16:35

Sist oppdatert: 02.12.2022 16:59

Mer om