Bilde 2022 08 05 065624650
HALSEBAKK: Dei eig 15 prosent av Sølvtrans gjennom Ronja Capital II. I desember i fjor overtok Robin Mek Halsebakk (t.v.) som toppsjef i Sølvtrans etter faren Roger Halsebakk medan Anja Mek Halsebakk er ansvarleg for blant anna storsatsinga på Sansdsøya gjennom Rosenlund Hamn. Foto: Ogne Øyehaug/Kristin Vidhammer
Nytt

Nytt kjempeår for Sølvtrans

Tente over ein halv milliard kroner på drifta.

05.08.2022

Dei 20 brønnbåtane i Sølvtrans-flåten segla inn 933,0 millionar kroner i fjor, opp frå 912,4 millionar kroner året før.

Driftsresultatet enda på solide 508,1 millionar kroner, medan resultatet før skatt kom på 370,7 millionar kroner, opp frå 320,4 millionar året før.

Sølvtrans Rederi
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 933 912,4
Driftsresultat 508,1 511,8
Resultat før skatt 370,7 320,4

Halsebakk-familien eig 15 prosent
Sølvtrans Rederi er det viktigaste selskapet i Sølvtrans-familien, og det selskapet som drifta av brønnbåtane er lagt under.

Sølvtrans Rederi er heileigd av Sølvtrans, som igjen er eigd av haldingsselskapet Silver Holdings.

Dette er i sin tur eigd av investeringsfondet Asterix Bidco, som igjen er eigd av Asterix Holdco, som i sin tur er eigd 82 prosent av Asteric Topco 2. Halsebakk-familien eig 15 prosent av dette selskapet, i ein aksjepost der gründer Roger Halsebakk eig 52 prosent, medan borna Robin Mek Halsebakk og Anja Mek Halsebakk eig 24 prosent kvar. I tillegg eig styreleiar Anders Hvide i Sølvtrans 2,3 prosent av Asterix Topco 2.

Bak Asterix Topco 2 står det private equity-fondet Antin Infrastructure Partners.

Sølvtrans Rederi har ein samla eigenkapital på 1195 millionar kroner, og hadde ved årsskiftet ei langsiktig gjeld på 5,8 milliardar kroner, opp frå 3,5 milliardar året før.

Verdien av flåten var ved årsskiftet sett til 4,7 milliardar kroner.

Selskapet har ein offensiv vekstpolitikk, og hadde ved årsskiftet ti nye skip i ordre eller under bygging. I første kvartal i år er to av desse skipa overleverte.

Styret skriv i årsrapporten at ein ser positivt for framtida. Det trengst mange fleire brønnbåtar, blant anna på grunn av nye reguleringar, men også på grunn av auka produksjon og lengre fraktvegar.

Spesielt meiner styret at det er bruk for større båtar, meir moderne og effektive båtar, og båtar med lukka løysingar.

Antal sjøfolk vil stige kraftig i år og dei næraste åra. Ved årsskiftet var det 263 årsverk tilknytt Sølvtrans Rederi, men berre sju av desse var kvinner.

Publisert: 05.08.2022 06:20

Sist oppdatert: 05.08.2022 09:04

Mer om