Nytt rekordår og lyse utsikter for Aas Mek
Verftet trur på fleire kontraktar på nybygg i år.
Aas Mek Verksted leverer nok eit rekordresultat i 2021 med rekordhøg omsetning og nest beste resultat nokon gong.
Det er også gode sjansar for at Vestnes-verftet sikrar seg fleire oppdrag i løpet av året, opplyser leiinga i årsrapporten som no er offentleg.
Ved utgangen av året hadde verftet 65 tilsette, som er ei auke på eitt årsverk sidan året før.
Rekordomsetning – og nesten rekordoverskot
I ein
bransje med stadig magrare ordrebøker og dårlegare inntening, har det
familieeigde verftet i Vestnes mykje å gjere og tener godt på oppdraga
dei utfører.
I 2020 bikka verftet i Vestnes milliardomsetning for første gong. Inntektene i fjor blei nokre millionar høgare - og ei omsetning på 1,04 milliardar er dermed ny rekord (sjå tabell under).
Lønnsemda blei betydeleg betre i fjor, samanlikna med dei siste åra. Eit resultat før skatt på knappe 92 millionar, er det nest beste i verftet si historie. Ein driftsmargin på ti prosent har vore sjeldan vare i bransjen dei siste åra.
Les også
Aas Mek Verksted | |||
Årsresultat (i mill kr) |
2021 |
2020 |
|
Driftsinntekter |
1040,9 |
1035,4 |
|
Driftsresultat |
104,2 |
72,3 |
|
Resultat før skatt |
92,9 |
70,1 |
Seks nybygg i ordreboka – og håpar på fleire
Aas Mek Verksted bygger i første rekke brønnbåtar – og har eit nybyggingsprogram i samarbeid med Sølvtrans-reiarlaget.
I fjor leverte verftet tre nye brønnbåtar i tillegg til 18 andre prosjekt med ombygging og reparasjoner av ulikt omfang.
I ordreboka framover har verftet seks nybygg for levering fram til første kvartal 2024. Det blir også jobba med prosjektering og tilbod på fleire nybygg som skal leverast i 2024 og seinare.
Leiinga konkluderer difor i årsrapporten at marknadsutsiktene er gode, med sjansar for fleire nybyggingskontraktar i løpet av året.
Solid økonomi – usikkerheit kring skrogbygging
Verftet
er i ei solid økonomisk stilling med ein samla eigenkapital på 157,4
millionar og ei langsiktig gjeld på 33,2 millionar kroner.
I årsrapporten kjem det fram at solid likviditet gjer at verftet har høg grad av eigenfinansiering i pågåande nybygg. Dei ventar samtidig normal inntening på komande prosjekt.
Skroga til nybygga ved Aas Mek Verksted blir - som hos dei fleste verft langs kysten – bygd i utlandet. Verftsleiinga påpeikar at det er ein viss risiko knytt til at leveranse frå samarbeidsverfta skjer til avtalt tid.
– Vi gjennomfører omfattande oppfølging og kontroll av skrogbygginga for å søke å redusere denne risikoen, heiter det i årsrapporten.
Les andre verftsresultat:
Publisert: 30.06.2022 11:08
Sist oppdatert: 30.06.2022 12:52