Soelvtrans vert kjoept opp
SELD: Ronja Polaris er det nyaste av dei 13 skipa i Sølvtrans-flåten.
Nytt

Sølvtrans vert kjøpt opp

Det Luxembourg-baserte selskapet Silver Holding har lagt inn bod på alle aksjane i Sølvtrans. Bodet er på 35 kroner aksjen, og prisar Sølvtrans til 598 millionar kroner.

16.07.2014
Dette opplyser Sølvtrans i ei børsmelding fredag morgon.
Sølvtrans-aksjen vart suspendert torsdag i påvente av ei melding frå selskapet. No er det altså klart at selskapet er i ferd med å verte kjøpt opp av PE-fondet (private equity) Silver Holdings, men konsernsjef og hovedaksjonær Roger Halsebakk i Sølvtrans vert med vidare i det nye selskapet.

48,9 % auke

Bodet er 48,9 prosent høgare enn kva Sølvtrans var verdsett til ved handleslutt onsdag, siste handledagen for aksjen. Då var kursen 23,50 kroner aksjen, og selskapet var verdsett til 404 millionar kroner. Silver Holding har dermed plussa på 194 millionar kroner for å få kontroll med selskapet.
Dette skjedde etter at Silver Holding gjekk med på å auke prisen etter at selskapet først la inn eit ikkje-bindande bod.
Styret har engasjert RS Platou Markets som uavhengig ekspert, med det formål å utarbeide ei uavhengig vurdering ("fairness opinion") av tilbodet.

Styre-tilråding

Styret i Sølvtrans har sagt ja til å tilrå bodet. Styret består av Oddbjørn Lende, Torstein Dehn, Kristin Krohn Devold og Kristin Alm.
Det er investeringssselskapet Oaktree Capital Mangement L.P. som eig selskapet OCM Luxembourg EPF III Silver Holdings Sarl, som har lagt inn bodet på Sølvtrans-aksjane.

Halsebakk og Hvide held fram

Silver Holding har inngått avtale med hovudaksjonær og konsernsjef Roger Halsebakk i Sølvtrans om å kjøpe alle aksjane som han disponerer gjennom Dolstein Invest.
Halsebakk sit på 30,4 prosent av Sølvtrans-aksjane, og får dermed 196 millionar kroner for aksjane ved salet til Silver Holding.
Tilsvarande avtale er gjort med den nest største aksjonæren Sinberg (11,6 prosent) og Hvide Holding som vert kontrollert av Sølvtrans sin styreleiar Anders Hvide.
Både Halsebakk og Hvide har likevel sagt ja til å vere med vidare som aksjonærar i det nye selskapet, og vil skyte store deler av salssummen for Sølvtrans-aksjane inn i det nye selskapet.
Styremedlem Torstein Dehn, som gjennom Kalven Shipping AS indirekte eig 80.000 aksjar i Sølvtrans, opplyser i ei melding frå styret at han kjem til å akseptere tilbodet, med mindre eit høgare konkurrerande tilbod vert offentleggjort.
er heile børsmeldinga.

Publisert: 16.07.2014 10:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33