Anita og Erik Tilseth Tilseth hagesenter og tilseth anleggsgartnar
STORSATSING: I bakgrunnen er det nye bygget i glas og stål. Det er søskena Anita og Erik Tilseth (biletet) sitt eigedomselskap som står for utbygginga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Søskena si største investering nokon gang

Hagesentereret i Furene doblar butikkarealet. Håpar på «vesentleg auke» i inntektene.

30.06.2025

Søskena Anita og Erik Tilseth er i full sving med å doble arealet ved Tilseth Hagesenter.

Til neste sesong - våren 2026 - er målet at storsatsinga med eit kring 1000 kvadratmeter stort nybygg i stål og glas, skal vere heilt ferdig. 

Då skal også dei eldre bygga på like mange kvadratmeter vere totalrenovert.

Største investeringa nokon gong
Då vil Hageland Tilseth, med det juridiske namnet Tilseth Hagesenter,  kunne ha stor deler av plantene sine under tak. I tillegg har firmaet fått eit bygg som forenklar drifta og frigjer fleire parkeringsplassar til kundane.

Det er søskena Anita og Erik Tilseth sitt felles eigde eigedomselskap, Tilseth Eigedom, som står for investeringa. 

Dei vil ikkje gå ut med kor stor den er i kroner, men seier nybygget er den største investeringa dei nokon gong har gjort. 

Håpar på «vesentleg auke»
Det er hagesenterselskapet Tilseth Hagesenter som skal bruke det utvida butikkarealet. Der er Anita Tilseth dagleg leiar og medeigar, saman med søskena Erik og Solgunn.

Anita Tilseth seier til Nett No at dei håpar på ein «vesentleg auke» i inntektene etter utvidinga. 

Med mesteparten av plantene ståande ute merkar dei stor skilnad på besøket alt etter om det regnar eller er fint ver. Med planten inne reknar ho med eit meir stabilt besøk. 

Under tak vil plantene også få meir stabile tilhøve, og det blir dermed mindre svinn.

Det er takka vere gode kundar og tilsette vi no vågar å satse
Anita og Erik Tilseth

Gått i pluss siden 2008
Justert for boomen for blant andre hagesenterbransjen under koronapandemien, har Tilseth Hagesenter hatt ein stabil vekst frå og med 2010. Då var inntektene på 3,6 millionar kroner. 

10-millionargrensa vart passert i 2016 - og selskapet har gått i pluss kvart år sidan 2008 (sjå tabell under).

– Vi  satsar eigentleg i tøffe tider, med dyrt materiell og høge renter. Vi har hatt 20 gode år, derav plussresultat sidan 2008. Så det er takka vere gode kundar og tilsette vi no vågar å satse, seier dei to.

Tilseth Hagesenter var tidleg ute med å etablere seg i Furene i Volda. I dag er dei omgitt av fleire store handelsbedrifter. 

Konkurrenten Plantasjen er nær nabo, eit naboskap som også Tilseth Hagesenter tener på fordi det trekkje fleire folk.

Rekordår i fjor
Erik Tilseth sitt anleggsgartnarfirma, Tilseth AS, er også leigetakar i Furene.  Det er heileigd av Erik Tilseth og han er også dagleg leiar. 

Før ein nedgang til under åtte millioner kroner i inntekt i 2023, hadde selskapet fire år på rad med inntekt rundt 13 og 14 millionar kroner. 2024 blei eit rekordår, mellom anna på grunn av eit stor oppdrag på ein nye sentrumsskule i Ørsta (sjå tabell under).

Målt i kroner er 2024 det mest lønsame anleggsgartnarselskapet har hatt. Målt i driftsresultat i høve til driftsinntekt, er det berre to år som har vore meir lønsame enn i fjor. 

Tilseth Hagesenter AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt13,514,2
Driftsresultat1,11,6
Resultat før skatt1,51,6
   
Tilseth AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt23,17,7
Driftsresultat3,40,2
Resultat før skatt3,40,2

Publisert: 30.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.06.2025 01:19

Mer om