54 prosent opp for Tilseth
2020 blei eit år utan like for Tilseth Hagesenter.
I fjor vår var Anita Tilseth i Tilseth Hagesenter utseld for settepoteter i god tid før potetene skulle settast i jorda. Reiserestriksjonar og andre smitteverntiltak fekk folk til å satse på hus og hage, og potetene var ikkje det einaste som fauk ut av butikken.
Tilseth Hagesenter driv Hageland Tilseth i Furene i Volda og tilhøyrer ein av vinnarbransjane i koronaåret 2020.
Opp 300 prosent
Driftsinntektene til hagesenteret steig 54 prosent og resultatet før skatt var 300 prosent opp.
Selskapet, som er eig av Anita Tilseth, Solgunn Tilseth Breivik og Erik Tilseth, har hatt ein stabil vekst og god lønsemd i mange år, men i fjor gjekk det rett opp.
Allereie etter vårsesesong var det klart at 2020 kom til å gi rekordinntekter. Hagelandskjeda, som Hagelang Tilseth er ein del av, hadde mellom anna auka salet av utemøblar med 80 prosent i første halvår i fjor.
Tilseth Hagesenter as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 17,5 | 11,4 |
Driftsresultat | 4,3 | 1,0 |
Resultat før skatt | 4,4 | 1,1 |
Publisert: 23.03.2021 09:04
Sist oppdatert: 24.06.2021 12:20