- Åheim skal kutte energiforbruket med 20 prosent innan 2019, seier Liv Kari Krøvel, som har ansvaret for å styre energisparingsprosjektet i gruveselskapet.
Hittil har konsernet lagt vekt på drivstoffbruken hos dei store anlegggsmaskinene, og kursa førarane slik at bruken bli mest mogleg energieffektiv. No er det blitt ei heil anna merksemd rundt effektiv energibruk i det heile.
Før hadde selskapet berre tre straummålarar på Åheim, og mildt sagt lite oversikt over kvar det var brukt energi til inga eller liten nytte.
I dag har gruveselskapet over 20 straummålarar på Åheim.
- Vi har stor nytte av dette, då vi betre kan følge med og sjå kvar vi har unormalt forbruk. Mellom anna på kompressorar for trykkluft, som kan indikere lekkasje, seier Krøvel.
Målet om å kutte forbruket med 20 prosent vil gi ei årleg innsparing på to millionar kroner, pengar som går rett på botnlina.
Nett no testar selskapet om det er råd å gjenvinne energi frå tørkeprosessen. Går det, vil ei investering på 1,5 millionar kroner kutte energikostnadane med to millionar kroner årleg. Då vil selskapet både bruke mindre straum og mindre propan.
Ved Sibelco sitt anlegg i Nord-Noreg kan det vere råd å oppnå like store innsparingar som på Åheim, men det vil kreve større investeringar fordi tørkeprosessen går på diesel, og ikkje propan.
Hittil har konsernet lagt vekt på drivstoffbruken hos dei store anlegggsmaskinene, og kursa førarane slik at bruken bli mest mogleg energieffektiv. No er det blitt ei heil anna merksemd rundt effektiv energibruk i det heile.
Sparer to millionar
Det handlar mellom anna om så enkle ting som å vente med å starte transportbandet før drifta er komen i gang om morgonen, og det faktisk er noko å transportere på bandet.Før hadde selskapet berre tre straummålarar på Åheim, og mildt sagt lite oversikt over kvar det var brukt energi til inga eller liten nytte.
I dag har gruveselskapet over 20 straummålarar på Åheim.
- Vi har stor nytte av dette, då vi betre kan følge med og sjå kvar vi har unormalt forbruk. Mellom anna på kompressorar for trykkluft, som kan indikere lekkasje, seier Krøvel.
Testar tørka
Gruvedrifta på Åheim brukar 29 millionar kilowatt-timar i løpet av året, like mykje som 1500 husstandar.Målet om å kutte forbruket med 20 prosent vil gi ei årleg innsparing på to millionar kroner, pengar som går rett på botnlina.
Nett no testar selskapet om det er råd å gjenvinne energi frå tørkeprosessen. Går det, vil ei investering på 1,5 millionar kroner kutte energikostnadane med to millionar kroner årleg. Då vil selskapet både bruke mindre straum og mindre propan.
Langt framme
Sibelco-konsernet gjennomfører dei same vurderingane som selskapet gjer på Åheim over heile Europa, men i Norden er det dei norske anlegga som går føre.Ved Sibelco sitt anlegg i Nord-Noreg kan det vere råd å oppnå like store innsparingar som på Åheim, men det vil kreve større investeringar fordi tørkeprosessen går på diesel, og ikkje propan.
Åheim skal kutte energiforbruket med 20 prosent innan 2019
Publisert: 11.10.2014 06:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38