Morten Holum 2 Hexagon Purus Maritime foto Ogne
TØFF PERIODE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum erkjenner at det har vore eit tøft kvartal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tap på meir enn 650 millionar første halvår

Aksjefall etter kvartalsrapport som viser at selskapet er inne i ein tøff periode.

Marius Rosbach
17.07.2025

Inntektene til Hexagon Purus la tidleg torsdag fram tal som viste at inntektene sanka med kring 67 prosent i 2. kvartal, samanlikna med same periode i fjor. Samtidig auka underskotet, viser børsmeldinga.

Resultatet før skatt i kvartalet enda med eit minusresultat på over ein kvart milliard. Tapa etter første halvår summerte seg til nær 657 millionar kroner (sjå tabell under). 

Aksjekursen fall frå start
Investorane svara med å sende aksjekursen ned frå start torsdag. Etter ein times tid var aksjen ned til 1,954 kroner - før den steig litt og så ut til å legge seg på 2,20 kroner. 

Det er eit fall på nær 15 prosent frå onsdagens sluttkurs, og gjer at børsverdien for selskapet bikkar under 900 milllionar kroner. 

Saka held fram under

Hexagon Purus ASA  
2. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt193,5528,4
Driftsresultat-226,9-146,6
Resultat før skatt-272,6-223,6
Hexagon Purus ASA  
Per 2. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt423,5935,5
Driftsresultat-531,4-287,7
Resultat før skatt-656,8-386,4

Lågare aktivitet i hydrogenmarknaden
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i alt frå større køyrety til tog og skip. I tillegg leverer selskapet og batterisystem. Hovudkontoradressa er i Ålesund, men produksjonen forgår i Nord-Amerika og Tyskland. 

– Hovudårsaka til omsetningsnedgangen var mykje lågare aktivitet innan hydrogeninfrastruktur og tungtransport for hydrogen, skriv selskapet. 

Situasjonen vart delvis motverka av høgare omsetning frå luftfartsapplikasjonar og batterielektrisk mobilitet.

Held fram å kutte kostnader
Hexagon Purus-sjef Morten Holum erkjenner at det har vore eit tøft kvartal. Selskapet aukar innsatsen med å kutte kostandar, for å få lønnsam drift på lågare volum. 

Kontantbehaldninga er venta å bli redusert betydeleg i løpet av 2025, men selskapet meiner dei har nok kapital til at selskapet når eit EBITDA-resultat i balanse. 

Ser auke i ordreinngang andre halvår
Sjølv om aktiviteten på hydrogenmarknaden er lågare, viser ordreinngangen ei auke for andre halvdel i år. 

Selskapet skriv at det framleis er kommersielt moment og inntekter å hente frå marknaden for transitbussar på hydrogen. 

Samtidig er opptrappinga av aktiviteten for batteridrivne køyretøy forseinka samanlikna med tidlegare forventingar. 

Publisert: 17.07.2025 09:47

Sist oppdatert: 17.07.2025 10:34

Mer om