Jesper Tørnqvist Hødd Foto Marius Rosbach 11
SNØDEKT STADION: Sportssjef Jesper Tørnqvist og Hødd må reise til Ålesund for å spele den avgjerande kampen på Color Line Stadion. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Taper millionar på nedrykk

Meir enn sportsleg framtid på spel i Hødd sin skjebnekamp.

OPPDATERT: Hødd tapte kampen mot Lyn laurdag 1-2 (1-5 samanlagt). Laget spelar dermed i 2. divisjon neste sesong.

Hødd tapte med tre mål for Lyn på bortebane 27. november. Laget har difor kniven på strupen, foran returmøte som avgjer om det blir 1. divisjon og Obos-liga neste år, eller om klubben rykker ned.

Laurdag spelar Ulsteinvik-klubben returoppgjeret mot Lyn på «heimebane» i Ålesund.

Høddvoll-bana er for kald og hard til å spele fotball på, på grunn av systemsvikt. Difor vil oppgjeret avgjerast på Color Line Stadion.

Går glipp av minst 3,5 millionar
Grunnen til at Hødd har hamna i playoff-kampar mot Lyn for å unngå nedrykk, er at dei endte sesongen på 14. plass. Lyn var nest best i 2. divisjon i år.

Taparen etter dei to oppgjera blir å finne på tredje nivå i det norske ligasystemet i neste sesong, også kalla Post-Nord-ligaen.

Ikkje berre er kampen for å rykke opp frå 2. divisjon, svært tøff sportsleg. Skilnaden er også stor når det kjem til pengar.

Om Hødd rykker ned frå 1. divisjon vil dei gå glipp av minst 3,5 millionar frå marknads- og medierettigheiter frå Norsk Toppfotball.

Dette er summen som blir gitt til ein klubb som ligg på nedre nivå av 1. divisjon.

Økonomiansvarleg og spelar
NETT NO møtte sportssjef Jesper Tørnqvist på Høddvoll fredag, men verken han, eller nokon andre i klubben ville svare på spørsmål om økonomiske konsekvensar ved nedrykk foran den viktige kampen.

På spørsmål om økonomien svarar klubben følgjande på e-post:

«Vår økonomiansvarlege som også er spelar er ikkje tilgjengeleg før mandag diverre, då han må prioritere kampen i helga. Han vil sjå på dette mandag når han er på jobb igjen og vil sende deg eit svar.»

Den økonomiansvarlege, er angrepsspelaren Robin Hjelmeseth.

Tapte sponsor- og billettinntekter
Summen klubben vil tape ved eit nedrykk, er truleg betydeleg høgare enn tapet av tv-rettigheiter.

Typiske konsekvensar av eit nedrykk er lågare sponsor- og billettinntekter. Det er likevel avhengig av korleis klubben satsar til neste år, og plassering på tabellen gjennom 2024-sesongen.

Klubben hadde eit publikumssnitt på 1194 denne sesongen, ifølgje Norsk & Internasjonal fotbalstatistikk (NIFS). Høddvoll har kapasitet til over 4000 tilskoderar.

Skeid som også tok steget ned frå Obos- til Post-Nord-ligaen i år, anslo å tape minst seks millionar kroner, fortalde Skeid-leiinga til Nettavisen etter nedrykket var eit faktum.

Akademi kan stå i fare
I tillegg til pengar til A-laget, står det nyoppstarta Møreakademiet til Hødd i fare for å ryke ved eit nedrykk.

Pengestøtta til talentutviklingsarenaen får klubben frå Norsk Toppfotball.

– Først og fremst planlegg ein med å overleve i divisjonen, men eg skal vere ærleg på at eg er litt engsteleg for kva som skjer dersom ein rykkjer ned, fortalde Rune Skarsfjord i Norsk Toppfotball til Vikebladet i haust.

Han var rettleiar for klubben i Hødd sitt arbeid med akademiklassifisering.

Aursnes-sal sikra overskott i fjor
I 2022 hadde fotballgruppa til IL Hødd ei omsetning på 17,3 millionar kroner.

Sjølve drifta gjekk i minus med 2,3 millionar, men takka vere gode inntekter frå spelarsal - enda året med eit plussresultat på drygt 700.000 kroner før skatt.

Spelarsalet som sikra overskotet, var prosentar frå Fredrik Aursnes sin overgang til den portugisiske storklubben Benfica. Det er ei inntekt klubben knappast kan rekne med å få kvart år.

Hødd budsjetterte for 23,5 millionar kroner i 2023, og hadde som mål å halde klubben i 1. divisjon.

Publisert: 02.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.12.2023 23:32

Mer om