Aafk bremset sponsorfallet
OVERPRESTERT: Så langt i årets eliteserie ligg A-laget til klubben på 7. plass med like mange poeng som Sarpsborg og Bodø/Glimt på plassane foran. Foto: AaFK
Nytt

Rekordoverskot for AaFK etter aksjesal

Fotballballklubben snudde minus til pluss i fjor.

Marius Rosbach
08.07.2022

Etter eit tøft år i 2020 kan Aalesunds Fotballklubb legge fram eit rekneskap med eit resultat på 4,1 millionar kroner frå 2021 (sjå tabell under).

Overskottet er det største kluben har hatt dei siste 20 åra, og årsaka er i hovudsak aksjesal.

I den fyldige årsrapporten som no er offentleg, går det fram at selskapet har selt aksjane sine i Ålesund Storhall As, til selskapet Ålesund Fotball for ni millionar kroner.

Dette selskapet - som er eigd av klubben og sponsorar - gjekk forøvrig med eit underskot på meir enn tre millionar i fjor. Omsetninga var på knappe 42 millionar kroner (sjå tabell under).

Hardt råka av pandemien

I årsrapporten påpeiker AaFK-leiinga at koronapandemien råka klubben hardt i fjorårssesongen. Likevel har støtteordningar og krisehjelp frå styresmaktene treft fotballen godt, og selskapet konsentrerte seg om å redusere kostnadene.

I år har klubben rekna med høgare inntekter som følgje av eliteseriespel. Leiinga påpeiker at klubbens økonomiske situasjon er knytt til sportslege resultat.

Så langt i årets eliteserie ligg A-laget til klubben på 7. plass med like mange poeng som Sarpsborg og Bodø/Glimt på plassane foran.

Ny eigenkapital for å sikre drifta
Ein vesenetleg del av inntektene til Aalesunds Fotballklubb kjem også frå Ålesund Fotball.

Mellom anna har selskapet forplikta seg til å dekke kostnader med satsing på toppfotball. Ålesund Fotball eig på si side dei økonomiske rettigheitene til spelarar som har kontrakt med klubben.

I løpet av fjoråret vart det gjort ei kapitalnedsetting i Ålesund Fotball-selskapet frå 20 til fem millionar.

Det vart også utstedt nye aksjar som tilførte åtte millionar kroner i ny eigenkapital for å sikre framleis drift, heiter det i rapporten.

Aalesunds Fotballklubb As


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
25,5
27,6
Driftsresultat
0,5
0,7
Resultat etter skatt
4,1
-0,4
Ålesund Fotball As


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
41,8

42,4

Driftsresultat
-3,2
-1,1
Resultat etter skatt
-3,1
0

Publisert: 08.07.2022 11:41

Sist oppdatert: 08.07.2022 11:44

Mer om