Ronny 1
Administrerande direktør Ronny Stokke trur at klubben skal klare eit sterkt 2024. Foto: AaFK
Nytt

Taper 10 millionar kroner på nedrykk

AaFK til 1. divisjon – igjen. Klubbdirektøren er optimist, sjølv om nedrykket kostar.

Etter tap mot seriemeister Bodø/Glimt blei det klart at AaFK rykker ned til 1. divisjon, berre to år etter sist gang.

Dermed taper dei kring 10 millionar kroner.

– Det er klart at nedrykket medfører eit betydeleg inntektsfall for klubben. Vi er optimistiske med tanke på billett- og sponsorinntekter for 2024 sjølv etter eit nedrykk, men medieinntektene fell, seier administrerande direktør i klubben, Ronny Stokke.

Målet til neste år er likevel vere konkurransedyktige i organisasjon og spelarstall.

Kostbart trenarbytte
Sesongen starta med 0 poeng 0 mål dei første fem kampane. Voldingen Lars Arne Nilsen fekk sparken, og dei måtte bytte trenar.

– I toppfotballen er dette kostbart.

Dei budsjetterte i balanse, og målet var ein 10. plass i Eliteserien.

Når dei no endar på 16. plass, og foreløpig ikkje har realiserte spelarsal, vil året ende i minus.

Sviande sisteplass
Å ligge på sisteplass gjennom ein heil sesong kan gjere mykje skade med eit lag, men også for inntektene.

Sponsorar kan forsvinne, og færre kjøper billettar.

– Like fullt endar vi ganske ok på begge desse postane. Det er nok svake sportslege resultat som medfører det største inntektsfallet.

Til neste år seier Stokke dei er optimistiske når det gjeld sponsorar.

Lågare tilskodartal
1. divisjonsfotball gir mindre i kassa, fordi at tv-rettane er mindre verdt.

Ein del av pengane kjem frå noko som heiter historisk pott. Denne gir klubbane inntekter basert på kva divisjon dei har spelt i dei siste seks åra.

– Fallet er stort nok, men saman med framleis gode billett- og sponsorinntekter i 2024, skal vi kunne bli meir enn konkurransedyktige også i 2024.

I fjor var tilskodarsnittet 5478. I år låg det på 5030, ifølgje statistikk frå nifs.no. Ein må tilbake til 2017 for at tilskodarsnittet på stadionen, med kapasitet til over 10.000 mennesker, låg på over 6000.

Aafk bremset sponsorfallet
Det er ikkje ofte ein ser så mange på tribunene på Color Line stadion lenger.

Mål om direkte opprykk
Til neste år vil klubben budsjettere for ein andreplass i 1. divisjon. Det vil seie direkte opprykk.

– Vi skal no bygge eit yngre, hardtarbeidande lag bestånde av spelarar på lengre kontrakter. Vi har stor tru på dette prosjektet.

Dette er ei ny retning som kjem av at dei ikkje lenger har økonomiske musklar til å kjøpe etablerte fotballspelarar.

– Kor mykje pengar får de inn i ein typisk Eliteserie-sesong, samanlikna med ein 1. divisjonssesong?

– Vi snakkar om ca. 10 millionar i differanse.

Firedelt system
Aafk-systemet består av fire delar: Aalesunds Fotballklubb og aksjeselskapa Ålesund Fotballstadion as, Aafk Sponsorservice as og Ålesund Fotball As.

Aafk har ikkje eit offentleg konsernregnskap, men samla hadde Aafk-systemet om lag 160,208 kroner i driftsinntekter i 2022 og budsjetterte med eit overskot på 350,000 i år. Klubben hadde eit negativt årsresultat på 370,260 kroner etter finans.

Aalesund Fotballklubb er største aksjonær 77,14 prosent i Ålesund Fotball As. Ålesund Fotball forvaltar dei kommersielle rettane til Aalesunds Fotballklubb og betalar til gjengjeld for drifta av senior- og juniorlaga i klubben. Andre og tredje største eigar er Olav Nils Sunde (9,59 prosent) og Sparebanken Møre (5,75 prosent).

Aafk Sponsorservice er eit heileigd dotterselskap av Ålesund Fotball. Jobben til selskapet er å skaffe sponsorinntekter, og praktisk talt heile overskotet blir overført til Ålesund Fotball as.Klubben eig også eigendomsselskapet Ålesund Fotballstadion, som eig og driv kunstgrasmatta og lysanlegget.

Stadion eigd av eige selskap
Sjølve stadionbygget er ikkje ein del av Aafk-systemet. Det er eigd av Ålesund Stadion KS der styreleiar er Olav Nils Sunde. Ålesund Stadion as, som er komplementær i kommandittselskapet, har Color Group as som største aksjoner, med 43,83 prosent andel. Sparebanken Møre har 17,63 prosent, medan Olav Nils Sunde er tredje største aksjonær med 9,24 prosent.

Publisert: 14.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 13.11.2023 21:44

Mer om