Ny eigar paa Moltustranda
MEI RETTSAK I VENTE: Kven eig utstyret inne i dette anlegget? Det kranglar Sandanger Invest og Legemyrane 4 om.
Nytt

Tapte andre runde

Kranglar om utstyr i fiskeindustribedrift på Moltustranda. Bur seg på rettsak nummer tre.

04.12.2023

Selskapet Sandanger Invest krev tilgang til fiskeindustribygget på Moltustranda, som er eigd av selskapet Legemyrane 4, som i dag er eigd av selskapet Frost Seafood.

Sandanger Invest vil ha tilgang for å kontrollere og hente ut maskiner og utstyr Sandanger Invest meiner er eigd av selskapet.

Først tingretten - og no lagmannsretten - har sagt sagt nei til kravet, går det fram av ein kjennelse i Frostating Lagmannsrett.

Det var Sunnmørsposten som skreiv om kjennelsen først.

"Lagmannsretten slutter seg til tingrettens vurdering av at det ikke er sannsynliggjort at Legemyrane skroter eller ødelegger gjenstander som Sandanger kan være eier av", heiter det i kjennelsen.

Fleire konkursar
Industrianlegget har dei siste åra blitt brukt av konkursråka Atlantic Seafood, Sunsea og Sunsea Seafood.

I sommar overtok Frost Seafood eigarskapet Legemyrane 4. Ifølgje kjennelsen er Frost Seafood eigd av Linus Jakubauskas (90 prosent) og Vegar Dale (10 prosent).

Sandanger Invest eigde tidlegare eigedomselskapet Legemyrane 4 50/50 saman med tidlegare eigar av Atlantic Seadood, Daniel Andersen.

Ifølge databasen Proff.no, er Sandanger Invest eigd av med 25 prosent kvar av Anne Britt, Nadia Bendal , Franciska og Oddhild Sandanger.

Det omstridde utstyret og maskinene vart kjøpt av Sandanger Invest i 2019.

Rettsak
Rettsrunden i tingrett og lagmannsrett har handla om Sandanger Invest sitt krav om mellombels sikring for sitt krav.

Neste runde i rettsapparatet er under førebuing, og då er spørsmålet kven som faktisk eig kva av det omstridde utstyret.

Ifølge kjennelsen frå lagmannsretten har Sandanger Invest starta arbeidet med å "med å ta ut søksmål for å få avgjort eierskap og rettigheter til gjenstandene".

Publisert: 04.12.2023 15:16

Sist oppdatert: 07.12.2023 21:50

Mer om