Energy Duchess foto Golden Energy Offshore S Ervices
SAMANSTØYT: Plattformforsyningsskipet Golden Duchess vart utsett for eit samanstøyt som førte til eit lengre verkstadopphald og tapte inntekter i 4. kvartal, melder Golden Energy Offshore. Foto: Golden Energy Offshore
Nytt

Tapte inntekter på samanstøyt

Golden Energy-tap etter at PSV måtte på verkstad for millionbeløp.

Marius Rosbach
21.02.2023
Golden Energy Offshore Services hadde ei flåteutnytting i 4. kvartal for dei fire skipa sine på 70,5 prosent, ifølgje kvartalsrapporten som blei offentleg i ei børsmelding seint måndag.

Offshorereiarlaget frå Ålesund forklarar den låge utnyttinga med at plattformforsyningsskipet Golden Duchess vart utsett for eit samanstøyt medan skipet låg fortøya i skotske Aberdeen.

Det medførte 24 dagar på verkstad for å utbetre kostnader til kring 2,3 millionar kroner, går det fram av rapporten. Uhellet førte i tillegg til tap av inntekter, og reiarlaget har sett fram krav i samband med hendinga.

Nytt underskot
Sjølv om aktiviteten har vore låg i 4. kvartal for skipa, var ratane betydeleg betre enn tidlegare. Skipa segla inn 138,5 millionar i fjor, medan rekneskapsåret enda med tap på 59 millionar kroner før skatt (sjå tabell under)

Reiarlaget meiner framleis auka aktivitet og etterspurnad, vil betre lønnsemda og verdiane i selskapet.

Etter at Energy Scout er selt og overlatt til ny eigar i førre månad, har Golden Energy-reiarlaget tre PSV-ar att i flåten.

Starta året bra
I ei marknadsoppdatering for januar skriv at flåteutnyttinga i årets første månad var på heile 98,7 prosent. Inntektene låg i snitt på 13.700 dollar – eller kring 140.000 kroner dagen.

Energy Swan er på oppdrag for Repsol, medan Energy Empress er på kontrakt i Karibia og Energy Duchess er i spotmarknaden med høg utnytting, sjølv om ratane reflekterer at det er vinter i Nordsjøen.

Marknaden held fram å betre seg i fleire regionar, og Energy Duchess er attraktivt for fleire oppdrag, skriv reiarlaget i meldinga.

Golden Energy Offshore Services

Per 4. kvartal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
138,5
71,2
Driftsresultat
69,2
-37,7
Resultat før skatt
-59,2
-63



Golden Energy Offshore Services


4. kvartal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
25,5
23,9
Driftsresultat
-26,2
-4,4
Resultat før skatt
-9,7
-16,5

Publisert: 21.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.02.2023 00:12

Mer om