More Trafo lakkeringsanlegg Fred Anton Alvestad Kyrre Soholt Kjetil Monsoy foto More Trafo 11
FLEIRE UTVIDINGAR: Teknisk sjef Fred Anton Alvestad, design- og produktsjef Kyrre Søholt og produksjonsleder Kjetil Monsøy i det nye pulverlakkeringsanlegget til Møre Trafo som blei teke i bruk tidlegare i år. Foto: Møre Trafo
Nytt

Tar kjempeutbytte etter superår

Historisk godt for hjørnesteinsbedrifta som nær femdobla overskotet.

Marius Rosbach
03.07.2024

Årsmeldinga til Møre Trafo i Sykkylven som blei offentleg tysdag, er hyggeleg lesing. Hjørnesteinsbedrifta har lagt bak seg eit fjorår der omsetninga skaut i veret, samtidig som dei leverte eit historisk høgt overskot.

Omsetninga enda på nær 830 millionar – opp frå 573 millionar året før, medan resultatet før skatt auka frå 27 til 127 millionar kroner (sjå tabell under)

Vekst i volum og råvarekostnader
Møre Trafo lagar mellom anna transformator- og nettstasjonar, og er Skandinavias største produsent av fordelingstransformatorer.

Drygt 80 prosent av inntektene kom i fjor frå norske kundar, knappe 17 prosent frå Norden elles, og resten frå andre delar av verda.

Nett No snakka med administrerande direktør Runar Tandstad tidlegare i år, fortalde han at inntektsauken ikkje berre skuldast vekst i volum, men også ein vekst i råvarekostnader.

Auken har også ført til auke i arbeidsstokken. Møre Trafo hadde i snitt 173 årsverk i arbeid i løpet av fjoråret, 15 fleire enn året før.

Møre Trafo As

Årsresultat (i mill kr)

20222021
Driftsinntekter828,8573,1
Driftsresultat130,627,3
Resultat før skatt127,127,3

Tek utbytte på 75 millionar
Bedrifta i Sykkylven har lagt bak seg seks år på rad med vekst – og Tandstad venta at pilane skulle halde fram med å peike opp.

Etter det gode fjorårsresultatet blir det teke eit rekordstort utbytte på 75 millionar kroner.

Knappe 23 millionar blir overført til eigenkapitalen, som ved utløpet av året var på 141 millionar kroner. Selskapet har nær 25 millionar kroner i langsiktig gjeld.

Møre Trafo er ein del av konsernet Møre Electric Group der Rieve Gruppen med hovudbase i Sykkylven eig 66 prosent, medan svenske Schneider Electric har ein eigardel på 34 prosent.

Pangstart på året
Ordresituasjonen i første kvartal i 2024 har vore «svært tilfredsstillende» heiter det i årsmeldinga for fjoråret. Samtidig har dei klart å levere i tråd med forpliktingane.

Nett No har omtalt at selskapet hadde ein pangstart på året og rekordstor ordreinngang i januar.

Det vart gjort investeringar for kring 20 millionar i løpet av fjoråret og selskapet har planar om å halde fram med nye investeringar i år.

Store investeringar og fleire nye bygg
Nyleg tok selskapet i bruk eit nytt pulverlakkanlegg, som auka kapasiteten på betydeleg. I vår er det óg starta på grunnarbeidet på eitt bygg på kring 1500 kvadratmeter.

– Det er det første av to planlagde bygg. Snart skal vi også ut i marknaden for å få oppført eitt bygg til som blir nesten like stort, fortalde Møre Trafo-sjef Runar Tandstad til Nett No i mars.

Dei nye bygga vil innehalde nye produksjonsareal. Framover vil det også bli investert i meir nytt utstyr og maskinar til denne produksjonen.

Publisert: 03.07.2024 11:18

Sist oppdatert: 03.07.2024 20:37

Mer om